Hopp til innhold

Har fått kontroll på den store skogbrannen i Vågsøy

Brannvesenet har no sløkt den store skogbrannen i Vågsøy. Alt tilgjengeleg brannmannskap, brannhelikopter og Sivilforsvaret hjalp til i sløkkinga.

SKOGBRANN: Brannmannskap, brannhelikopter og Sivilforsvaret var med å sløkkje brannen.

Det bur mykje folk og det er mange arbeidsplassar i området der det brann. Eit hus blei evakuert og politiet ba alle om å lukke vindauge og dører. I natt vil brannvesenet halde vakt i området.

Litt over klokka 16.30 melder brannvesenet at det er kontroll på brannen.

– Det er mykje vind i området, sa Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.

Margot Silden var på jobb i Nordfjordhallen då brannen braut ut.

– Eg tykkjer det er svært ekkelt i og med at det bles slik og når vi ser så mykje flammar. Innimellom ser du som dei har klart å sløkke det og at det berre er røyk, men så flammar det plutseleg opp igjen, fortalde Silden til NRK.

Det samla seg mykje folk i området som følgde spent med på korleis brannen utvikla seg.

– Det er eit stort område som er røyklagt. Det er 20 meter i sekundet i vindstyrke og at det ligg hus på andre sida av vegen, fortalde augevitne Ronny Hopland til NRK.

– Svært ekkelt

.Det brenn framleis frå to sider av fjellet ovanfor bustadfeltet på Øvre Tennebø. Verst brenn det på vestsida, fortel vitne på staden.

– Det kom melding til politiet eit par minutt før halv to om at det var ein gras- og skogbrann på Tennebø i Vågsøy. Politi og brannvesen har kome fram og det er meldt at det brenn godt i terrenget og at det er kraftig røykutvikling, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Lars Geitle.

Brann på Tennebø i Vågsøy

MYKJE RØYK: Brannen på Tennebø i Vågsøy er godt synleg frå Måløy, fleire kilometer unna.

Foto: NRK-tipsar

Vurderte å evakuere kjøpesenter

Måløy Storsenter ligg berre nokre hundre meter frå brannstaden og Andreas Frantzen, assisterande senterleiar, fortel at dei stogga ventilasjonsanlegget i senteret.

– Dersom brannen nærmar seg bygget og vindretninga er feil så må vi evakuere bygget. Vi vil evakuere dersom politiet seier vi skal gjere det, sa Frantzen.

Brann i Vågsøy

KRAFTIG VIND: Det har starta å brenne i fjellsida over Tennebø i Vågsøy.

Foto: Eva Westvik / NRK

SJÅ VIDEO: Eit brannhelikopter hjelper til med å sløkkje skogbrannen.