Hopp til innhold

Så negative er folk til bompengar

Ei fersk meiningsmåling viser at over 40 % av innbyggarane i Sogn og Fjordane er imot forslaget om bompengar i Førde for å betra vegane i sentrum.

Bompengering i Førde/Frank Willy Djuvik/Bengt Solheim-Olsem

MISLIKAR BOMPENGERINGEN: Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen og Frp-leiar Frank Willy Djuvik har ikkje sansen for at det skal komme fem bomstasjonar rundt Førde sentrum.

Foto: Montasje - Rambøll AS/NRK

Over halvparten av dei spurde i Førde meiner forslaget er dårleg, medan innbyggarane i Flora er aller mest kritisk.

– Har vi ikkje betalt nok? Det er alltid Florø-folk som må betale for det i Førde, seier to damer NRK treff på gata i Florø.

Tykkjer det er urimeleg

Det blir i første omgang lagt opp til fem bomstasjonar rundt Førde for å delfinansiere Førdepakken. Prisen er sett til 18–20 kroner for ei passering.

Ei fersk meiningsmåling på oppdrag av Frp, viser at haldninga til nærare 70 % av dei spurde i Flora kommune er at det er eit dårleg forslag med bompengar for å betra infrastrukturen i Førde sentrum.

I Førde er 51,2 prosent negative til forslaget og i Høyanger er talet 44 prosent.

– Dette overraskar meg ikkje i det heile teke. Eg sa tidleg at det er urimeleg at innbyggjarane i Flora nærast må betale for å komme seg ut av fylket, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) i Flora.

Kva er di haldning til bompengar for å finansiere den lokale infrastrukturen i Førde?

 

Flora

Høyanger

Sogndal

Førde

Vågsøy

Eid

Stryn

Øvrige

Total

Godt forslag

19,9

37,3

45,0

34,8

30,5

49,7

30,8

33,9

34,5  %

Dårleg forslag

69,1

44,0

32,5

52,2

38,9

23,8

38,5

38,5

41,8 %

Ingen bestemt oppfatning

11,0

18,7

18,7

140

30,5

26,5

26,5

30,8

23,7 %

Infact gjennomførde 18.-19. juni, på oppdrag frå Sogn og Fjordane FrP, ei meiningsmåling i Sogn og Fjordane. 1982 personar over 18 år er spurde.

Det same meiner fylkesleiar i Framstegspartiet Frank Willy Djuvik som har bestilt meiningsmålinga. Den same meiningsmålinga viser at nær 42 % av dei spurde i heile fylket meiner bompengar er eit dårleg forslag.

– Så lenge vi har betalt inn så mykje i vegrelaterte skattar og avgifter, er det urimeleg at vi skal betale ein gong til i bomring. Det finst moglegheiter til å finansiere dette utan bompengar, om det er politisk vilje til det, seier Djuvik.

Førde-ordførar er ikkje samd

Ordførar Olve Grotle i Førde

TRENG PENGANE: Ordførar Olve Grotle i Førde seier det er naudsynt med bompengering.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men dette er Førde-ordførar Olve Grotle ueinig i. Han seier at Førde kommune ikkje vil endra planen om bompengar.

– Vi er nøydde til å ty til noko som er ulempe, for å oppnå ein stor positiv ting som er å ordne trafikken i Førde dei neste 20–30 åra. I tillegg er vi nøydde å halde oss til det to bystyre har sagt, seier han.

Bomring i Førde

BOMRINGEN: Her skal bomstasjonane rundt Førde sentrum stå.

Foto: Rambøll AS