– Det er veldig godt å komme godt i gang. Dette er bra å byggje vidare på, seier Mathias Loftesnes.
Førde er nesten som eit heilt nytt lag å rekne samanlikna med sist sesong. Så godt som heile førsteseksaren er byta ut – og mot Koll fekk publikum valuta for inngangspengane i form av feiande frisk volleyball.
– Ja, det var litt fart i dette. Vi spelte det spelet vi har prøvd å få til, og som vi har øvd på i sju-åtte veker. Både blokk, forsvar og mottaksdelen var bra. I tillegg heldt vi dei under press på serve, og det fungerte godt, seier trenar Jan Egil Tvinde.
- Les også:
Starta med eks-proff på benken – men klinte til
Førde tok tak i kampen frå start, og leika seg med Koll i eit førstesett som enda 25–13.
Nye spelarar som Jarle Fornes, Sverre Flåskjær og Håvard Aarrestad presenterte seg, og saman med eks-proffen Mathias Loftesnes varta dei opp med frisk volleyball.
– Vi har mykje å velje i no. I tillegg til desse har vi også eit par karar som spelte førstedivisjon i dag, og som ikkje står tilbake for desse, seier Tvinde.
Han valde å starte med eks-proffen Lars Fredrik Tvinde på benken, utan at det såg ut til å senke det sportslege nivået på laget.
- Les også:
Sleppte seg laus og underheldt publikum
Bortelaget frå Oslo kom aldri skikkeleg inn i kampen, og Førde tok heim begge dei neste setta med 25–17. Loftesnes vart mestscorande spelar med 11 poeng, framfor Jarle Fornes sine ti fulltreffarar.
Alt tyder på at det blir beinhard kamp om plassane på laget utover sesongen.
– Laget er ungt og godt, og eg er imponert over at dei la att nervane i garderoben. Dei sleppte seg laus og underheldt publikum, seier Tvinde.
– Det var mykje bra volleyball her i dag. Eg trur det var kjekt å sjå på, seier trenaren.
- Les også:
– Det ser veldig bra ut. Spennande å sjå kor langt dette held i 2016, seier han.