Hopp til innhold

Så få arbeidsledige at NAV nesten ikkje trudde på tala

Då NAV summerte opp kor mange som står utan arbeid i Sogn og Fjordane akkurat no, fekk dei seg ei overrasking.

Arbeidsledig jente søker jobb

FÆRRE UTAN JOBB: Sogn og Fjordane er no det fylket i landet med lågast arbeidsløyse.

Foto: Randi Elise Midtskog / NRK

– Talet ligg nok kanskje på 100 færre ledige enn vi hadde i våre prognosar. Men det er bra når vi bommar den vegen, seier presseansvarleg for NAV Sogn og Fjordane, Frode Henden.

Ved utgangen av oktober var det nemleg 776 personar heilt utan arbeid i fjordfylket. Det er 118 færre enn for eitt år sidan, noko som svarar til ein reduksjon på 13 prosent.

– Det var så låge tal at vi måtte bla litt tilbake i statistikken for å finne ut kor lenge det er sidan vi har sett eit så lågt tal. Det er i overkant av kva vi hadde håpa på, men sjølvsagt veldig, veldig kjekt, seier Henden.

Ikkje sidan november 2008 har det vore færre ledige i Sogn og Fjordane.

Alle dei NAV-tilsette i Sogn og Fjordane var i dag samla i Loen. Direktør Kjell Hugvik i NAV Arbeids- og tenestelinja nasjonalt skrytte då av jobben som blir gjort.

– Eg er imponert over Sogn og Fjordane som over år har lågast arbeidsløysetal i landet, og no har tal som vi må ni år tilbake for å finne tilsvarande.

Thore Thornes, Anne Kverneland Bognes og Kjell Hugvik

BLIR LAGT MERKE TIL: Dei låge arbeidsløysetala i Sogn og Fjordane blir lagt merke til. Det fekk NAV-direktør i Sogn og Fjordane Tore Thorsnes (frå venstre) høyre frå fleire i dag. Blant anna Anne Kverneland Bognes som er den nye direktøren for NAV Hordaland og Sogn og Fjordane (med verknad frå 1. 1. 2019) og Kjell Hugvik som er direktør for NAV Arbeids- og tenestelinja.

Foto: Frode Henden/NAV

– Det går bra i dei fleste bransjane

Henden seier dei har sett ei positiv utvikling i ei rekkje bransjar dei siste månadane.

– Det går veldig bra i dei aller fleste bransjane våre. Det er eigentleg eit tryggande bilete på ein god situasjon over heile fjøla.

Bransjane der nedgangen i arbeidsløysa er størt er industri, reiseliv og transport.

– Det er ganske enkelt stor etterspurnad etter arbeidskraft. Det er store ordrereservar og det går bra i fiskeforedlingsindustrien. Det er heller ikkje enkeltbedrifter i fylket som er i trøbbel, noko som kan gje store utslag. Det er snarare slik at bedriftene har trøbbel med å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft.

Utfordringa for NAV er dermed å jobbe med å kvalifisere dei som står utan arbeid til dei ledige jobbane som er.

Lågast arbeidsløyse i landet

Med 776 personar heilt utan arbeid har Sogn og Fjordane ei arbeidsløyse på 1,3 prosent. Sogn og Fjordane er dermed det fylket i landet med lågast arbeidsløyse.

På landsbasis var det ved utgangen av oktober 66.012 personar heilt utan arbeid, noko som svarar til 2,4 prosent av arbeidsstyrken.

I Sogn og Fjordane er Hyllestad kommunen med prosentvis høgast arbeidsløyse. Med 51 personar heilt utan arbeid, er 5,1 prosent av arbeidsstyrken i kommunen utan arbeid.

– Situasjonen i verftsindustrien og ringverknader av dette, som også fører til nokre permitterte, er mykje av forklaringa, seier NAV-direktør i fylket, Tore Thorsnes.