Hopp til innhold

Rustar opp for 16 millionar på Knutholmen

KALVÅG (NRK): Det familiedrivne hotellet i Kalvåg skal få ny drakt til sommarsesongen.

Ruster opp på Knutsholmen

SATSING: Kalvåg er langt å reise for mange. Familien Fosse håpar dei klarer å lokke folk til hotellet med stort aktivitettilbud og nye lokale.

Foto: Harald Kolseth / NRK

I skjergarden i Kalvåg i Bremanger ligg Knutholmen. Mellom måkeskrik høyrest lydane frå bygningsarbeidet som går føre seg på hotellet sin fasade.

Dei investerer millionar for å fornye seg. På arbeidsplassen går Svein Inge Fosse rundt og ryddar boss, for sjølv ikkje sjefane tek arbeidsfri her.

– Eg er jo eigentleg krovert. Men vi er fleksible. Og gjer det andre ikkje gidd, seier Fosse. Innanfor kjeledressen har han skjorte, for snart skal han ta i mot ei gruppe til middag på hotellet.

Men først skal han sende av garde 3–4 tilhengjarlass med boss og skrot som er til overs etter ombyggingar som er i full gang. Der kan dei spare litt pengar, for det kostar å halde tritt med ungdomen.

Svein Inge Fosse Knutholmen

ARBEIDSJERN: Svein Inge Fosse ligg ikkje på latsida sjølv om sonen Jan Fredrik Fosse har teke over hotelldrifta.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Fosse senior var skeptisk

Sidan 1986 har Svein Inge Fosse drive hotell og kro i Kalvåg. No er det sonen Jan Fredrik Fosse som er dagleg leiar, men far på 62 år er ikkje ute av drifta av den grunn.

– Eg var litt overgidd over at vi skulle bygge om så omfattande først. Men dei må få bestemme, ungdomane. Og når eg har dei unge med meg, då er det kjekt å jobbe, seier Fosse senior.

Kysthotellet får større matsal, større selskapslokale, eit grindbygg til utleige av utstyr som kajakk, dykkeutstyr og padlebrett om sommaren. Svigerdottera Elisabeth skal drive butikk i ein del av lokalet.

Målet er, som for så mange hotell, å drifta til å løne seg heile året.

– Vintersesongen er ikkje lønsam i dag. det er alltid eit mål å få snudd det, seier Jan Fredrik Fosse.

For 11 år sidan reiste han heim etter læretida for å hjelpe til. Og her blei han, saman med kona og dei to sønene. Også systera og mannen har flytta heim, og driv kjøkenet på det som med rette kan kallast ei familiebedrift.

Jan Fredrik Fosse

DAGLEG LEIAR: Jan Fredrik Fosse styrer hotelldrifta far hans starta med i 1986. No satsar dei stort.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

Unik moglegheit tidleg i livet

– Det var nok veldig bevisst når eg valde utdanninga innanfor restaurant- og hotelldrift. Eg er jo vaksen opp i det, og kjenner systemet, seier Jan Fredrik Fosse.

Han visste kva han gjekk til, i ein bransje der det er full fres heile sommarsesongen. Om vinteren må alt dei ikkje vinn over i sommarsesongen kryssast av lista.

– Det har ikkje vore noko anna alternativ for meg. Eg har fått store moglegheiter av pappa, til å få prøve meg på mykje. Det går aldri tomt for moglegheiter her, ei slik erfaring kunne eg aldri fått nokon annan stad, avsluttar den unge hotellsjefen.