Hopp til innhold

Rune Furelid mista alt i brann

I helga brann huset til Rune Furelid ned. Med det mista kunstnaren både bileta sine, og personlege eigedelar som han har brukt eit liv på å samle.

rune Furelid

MISTA MANGE BILETE: Kunstnar Rune Furelid seier at han ikkje kjem til å gjenskape dei bileta som han mista i brannen fredag.

Foto: Marte Gjærde

– Det har vore eit slag i trynet. Det har vore veldig tøft, og det er trist å tenkje på det eg har mista, seier Furelid

Det var på kvelden fredag at eit hus i Naustdal vart totalskadd i ein brann.

Naudetatane kom ganske raskt til staden, og morgonen etter var brannen heilt sløkt. Huset til Rune Furelid var likevel øydelagd.

Kunstnaren har galleriet sitt i Ålesund, men bur fast i ein bustad i Naustdal. Det er her han har lagra bileta sine, og det er her det bran i helga.

–Eg har mista bilete som ikkje går an å erstatte. Bilete i ein serie som eg skulle stille ut i tida framover, og som eg gleda meg til å stille ut.

– Kor mykje av det har du mista då?

– Alt som eg skulle stille ut no er svidd vekk, eg må ta til heilt frå byrjinga att. Eg byrjar på null, så får vi berre sjå korleis det går.

Brann i Naustdal.

DRAMATISK: Brannen på fredag var dramatisk, og alle naudetatane rykka ut.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har samla eit heilt liv

Å skape bilete er jobben til Rune Furelid, så han trur det skal kome til nye bilete etter kvart. Verre er det derimot med alle tinga han eigde som no berre er oske.

– Huset som brann er heimen min. det er der eg har alt eg eig. Ting som eg har samla saman heile livet. Ting som var viktige for meg. No er alt vekke, og det er ikkje noko kjekt.

Rune Furelid etter ulukka i 2001

VAR I BILULUKKE: Rune Furelid var i ei bilulukke i 2001, og sat i rullestol i to år etter det.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Har fått lyst til å skrive

Noko av det første Furelid kjente på etter brannen var at han fekk lyst til å skrive om tankane han gjorde seg.

– Eg har tidlegare vore i ei bilulukke der eg mista delar av tarmen min og vart lam i begge beina. Den kjensla eg hadde då er ganske like den eg har no, og eg har lyst til å skrive om den erfaringa.

Blir det bok, då?

– Det veit eg ikkje, men eg har i allefall lyst til å skrive om dei tankane og erfaringane eg no har om tap og identiten. Det er faktisk forfattar eg eigentleg er utdanna som, seier furelid.