Normal

Einebustad totalskadd i brann i Naustdal

Brannmannskapar vil halde fram ettersløkking av huset gjennom natta. Ingen personar var i huset då det byrja brenne.

Brann i Naustdal.

BRANN: Huset på Sæla i Naustdal er overtent og brannmannskapa driv sløkkingsarbeid på staden.

Politiet seier til NRK laurdag morgon at dei fortløpande vil vurdere når dei kan starte gransking av branntomta.

– Vi veit førebels ikkje noko om årsaka, men skal etterforske saka, seier Per Rimmen i Vest politidistrikt.

Hindra spreiing

– Vi har vore i kontakt med huseigaren, og det skal ikkje vere nokon personar der, seier Marianne Føleide i Vest politidistrikt.

Alle naudetatane reiste til staden, men huset var allereie overtent. Brannvesenet har drive sløkking i heile natt, og bygget står framleis, men er totalskadd.

Brann i Naustdal.

SLØKKING: Brannvesenet nytta den nye stigebilen i sløkkearbeidet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det ligg eit anna hus eit lite stykke ifrå, men det er ikkje spreiingsfare så lenge vinden ikkje dreiar på vest, seier Espen Rysjedal hjå Alarmsentralen.

Meldinga om brannen kom klokka 22.14 og brannmannskap frå Naustdal og vaktlaget frå Førde er ute med stigebil.

– Brannmannskapa pøser på med vatn, og konsentrerer seg om å sløkke, og hindre spreiing. Dei vil halde fram med ettersløkking heile natta, seier Rysjedal.

Brann i Naustdal på Sæla.

OVERTENT: Huset var overtent då brannmannskapa kom fram til staden. Dei vil drive ettersløkking heile natta.

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune