Nordlendingen scora i debuten mot Tromsdalen. Sidan er det blitt tre kampar som innbyttar, og tre av dei siste kampane før ferien frå start.
Eit trøblete "jumpers knee" er årsaka.
- Det har vore tøft. Ein håpar alltid på ein god start, men rett før ferien fekk eg ein belastningsskade, seier 21-åringen.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
- No ser det bra ut
måtte Rudolfsen sjå frå sidelinja. Med berre to balløkter i beina etter ferien, vart oppgjeret i tidlegaste laget. No siktar han seg inn mot bortekampen mot Sarpsborg 08 kommande helg.
- SJÅ:
Då er også vaimingen
.- Eg har gledd meg til å spele att. Og no ser det veldig bra ut for oss. Med unntak av meg og Harald Stormoen, er ingen skadde, legg Rudolfsen til.
Tenker ikkje opprykk
Rudolfsen spelte 2. divisjon med Mo i fjor. Til neste år kan det bli Eliteseriespel med Sogndal.
- LES OGSÅ:
Med sesongen halvspelt, leiar saftlaget divisjonen med fire poeng på tabelltoar Fredrikstad. Det er ni poeng ned til Ranheim på kvalifiseringsplass. Ranheim rett nok med ein kamp mindre spelt.
- SJÅ:
- Vi er berre halvveges i sesongen. Det er mange kampar att, så opprykk er ikkje noko tema for oss. Men vi er i ein god steam som vi må halde på, seier angripsspelaren.