Hopp til innhold

Gjermundstad klar mot Sarpsborg

Midtstoppar Vegar Gjermundstad er venta klar for spel i Sogndaltrøya i byrjinga av kommande veke.

Vegar Gjermundstad og Egil Mundal

Både Vegar Gjermundstad og Egil Mundal er nøgde med at 20-åringen frå Vadheim blir sogndalspelar over helga.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Det skriv dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, i ei pressemelding. Konkursbuet i Lyn kravde Sogndal Fotball for trenings- og utdanningskompensasjon for vaimingen etter at 20-åringen kom frå den konkursråka osloklubben.

Gjermundstad ser fram til å satse for fullt med Sogndal.

- Eg er glad for at saka nor nærmar seg slutten. Det har pågått ei god stund, og sjølv om ein jobbar med at det ikkje skal påverke prestasjonane og arbeidet, ligg det alltid i bakhovudet, seier Gjermundstad.

Kan skifte klubb

Norges Fotballforbund melder på sine nettsider at overgangane som gjeld oppsagde spelarar i Lyn, blir behandla på vanleg måte.

- NFF meiner dette må innebere at spelarar frå FK Lyn kan melde overgang til ny klubb i løpet av oppsigelsestida utan at det blir kravd kompensasjon for å fristille spelaren frå eksisterande kontrakt, skriv NFF.

Ikkje vilkår

Spørsmål om eit konkursbu har rett på kompensasjon for trening og utdanning er sendt NFFs lovkomité for vurdering. Forbundet vil så kome attende med si haldning til denne problemstillinga.

- Betaling av kompensasjon for trening og utdanning er likevel ikkje eit vilkår for at NFF skal godkjenne ein overgang og gje speleløyve for ny klubb.

Nøgde i Sogndal

Når det gjeld spørsmålet om storleiken på og fordelinga av ein slik kompensasjon skal avgjerast på bakgrunn av omstenda i det konkrete tilfelle.

- Ein tvist om slik kompensasjon vil etter NFFs regelverk kunne leggast fram for Fotballens voldgiftsordning for endeleg avgjerd, skriv NFF.

Sogndal Fotball er nøgde med måten NFF har handtert saka så langt.

Vi har stor forståing for at dette er ei ny og komplisert sak for fotballen, då det er første gong og forhåpentlegvis siste gong ein konkurs inntreff, seier Mundal.

Klar mot Sarpsborg

Sidan alle overgangspapir først er klare i dag, blir ikkje Gjermundstad sin overgang til Sogndal handtert før over helga av NFF. Dermed skulle 20-åringen vere klar for spel i borteoppgjeret mot Sarpsborg 08 neste helg.

Dermed må heimepublikumet smørje seg med tålmod før dei får sjå vaimingen i sogndaltrøya - eventuelt i tospann med kompis Even Hovland i midtforsvaret.

- Det viktigaste for vår del no er at Vegar formelt blir klar for klubben, og kan bruke tida si på fotball, seier Mundal.

Har fått sin del

Mundal seier Sogndal og konkursbuet i Lyn har hatt ein konstruktiv dialog, og er samde om at dei er usamde i saka.

- Vi vil også presiserer at Høyanger sjølv har stadfesta at dei har motteke sin del av trenings- og utdanningskompensasjon slik reglane seier det, seier Mundal.

Høyanger fekk sin del då Gjermundstad først fekk proffkontrakt med Lyn.