Hopp til innhold

Røynd lensmann slaktar politireforma

– Eit klart dårlege politiarbeid ute i distrikta. Dette blir resultatet av politireforma, meiner den røynde lensmannen i Fjaler og Askvoll, Åge Løseth.

Åge Løseth

ÅTVARER: –Politireforma vil medføre mange nedlagde lensmannskontor og eit dårlegare politiarbeid i Sogn og Fjordane, seier Åge Løseth, lensmann i Askvoll og Fjaler.

Foto: Bård Siem / NRK

Regjeringspartia, saman med Venstre, KrF og Ap, sikra søndag kveld fleirtal for reforma som mellom anna inneber at politidistrikta i Hordaland og Sogn og Fjordane blir slått saman. Vidare vil mange av dagens 22 lensmannskontor i fylket truleg bli lagde ned.

Lensmann Åge Løseth kjem med klar tale:

– Dette er ille og eg er skuffa. Alle honnørorda og flosklane om kor fint dette skal bli har eg lite tru på. Eg er djupt uroa over framtida for nærpolitiet, seier han.

Forventar at politiet er til stades

Leiar i Justiskomiteen på Stortinget, Hadia Tajik frå Arbeidarpartiet, har følgjande kommentar til kritikken.

– Eg har veldig stor respekt for tilbakemeldingane frå Sogn og Fjordane. Fylket har utfordrande geografi og topografi som eg føreset at også den nye politimeisteren har forståing for. Vi forventar at politiet skal vere til stades der folk bur også Sogn og Fjordane og i Fjaler, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hadja Tajik

- BRA FOR FYLKET: Hadia Tajik (Ap) meiner politireforma blir god for fylket vårt. Samtidig forventar ho at den nye politimeisteren vil ta omsyn til den utfordrande geografien i fylket vårt.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Uroa

Dei fem partia har vorte samde om at 90 prosent av innbyggjarane i kvart politidistrikt ikkje skal ha meir enn 45 minutt til politiet sin tenestestad. Løseth meiner dette er urovekkjande for Sogn og Fjordane.

– Når vi ser politidistrikt vest under eitt med den store befolkningskonsentrasjonen rundt Bergen, betyr det i praksis at mange lensmannskontor i vårt fylke kan bli lagde ned utan at ein bryt kravet. Det er urovekkjande, seier han.

Frp nøgd

Ulf Leirstein, medlem i Justiskomiteen for Framstegspartiet, meiner på si side at reforma vil vere veldig positivt for norsk politi.

Ulf Leirstein

TILFREDS FRP: Ulf Leirstein (Frp) er veldig godt fornøgd med den nye politireforma.

Foto: Anette Torjusen/NRK

Søndag kveld då det var klart at Frp, saman med Høgre, Venstre, KrF og Ap, hadde vorte samde, fortalde han kor nøgd han var med reforma.

Løseth er av ei heilt anna oppfatning.

– Politiarbeidet i fylket vårt vil bli dårlegare. Det er ille, seier han.

Sogn og Fjordane politidistrikt blir historie

SJÅ TV-SAK: Dei lærde stridast om reforma som fører Sogn og Fjordane politidistrikt over i historiebøkene.