Hopp til innhold

Opprettar beredskapsgruppe for snøskred

Ei gruppe på 25 skredkyndige frå Røde Kors skal hjelpe naudetatane ved snøskred i Sogn.

Snøskred ved Blåfjell i Sogndalsdalen

SIKRE OG HJELPE: Fjella i Sogn har fått ein heilt ny bruk dei siste åra – langt fleire går i fjellet på ski. Difor er ei skredgruppe viktig, seier Grefsnes.

Foto: Marta Stina Lidström

– Dette er ei skredgruppe i regi av Røde Kors som har nasjonal godkjenning. Det blir det lagt til grunn at ein har ein kvalitet der ein kan agere ved snøskred, seier Per Odd Grefsnes i Luster Røde Kors.

Siste laurdagen i januar gjekk det fleire snøskred i Sogndalsdalen, fleire så store at det kunne gått folk i dei. No vil skredgruppa bli ein ressurs for fleire, trur Grefsnes.

Viktig ressurs for mange

– Det betyr at naudetatane i Sogn har ein ressurs å spele på. Vi kan vurdere om det er trygt å gå inn i eit område og vi kan også vere med å hente ut personar. Vi skal kunne både førstehjelp og kunne teknikkar for å raskt finne folk under snøen, seier Grefsnes.

Per Odd Grefsnes

VIKTIG KOMPETANSE: Per Odd Grefsnes i Luster Røde Kors er fornøgd med å ha fått etablert ei skredgruppe i Sogn.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Sogn som region har i dei siste åra profilert seg som eit eldorado for folk som elskar fjellsider og puddersnø, og folk pendlar milevis for å komme seg opp i fjellet.

– Vi ser at fjellet blir brukt på ein heilt ny måte enn berre for få år sidan. Det er mykje meir folk som kjem hit for å stå på ski. I tillegg kjem det kvart år nye studentar for å stå på ski. Nokre av dei kan godt komme i situasjonar dei kan ha bruk for oss.

Grefsnes understrekar at også dei ulike Røde Kors-hjelpekorpsgruppene rundt i fylket vil kunne ha ei støtte i ei slik faggruppe.

– I Sogn er det 22 godkjende tindevegleiarar, medan det i heile landet er 80. Så vi har ein fagkompetanse i vår region som vi skal spele på med denne gruppa her.

Rask reaksjonstid

Tanken er at gruppa blir kontakta av politiet, henta med helikopter eller reiser rett til området. Det neste er å finne ut om det er trygt å få inn for hjelpemannskap og organisere sjølve redningsaksjonen saman med politiet og dei andre naudetatane.

– I snøskred er det heilt sentralt å vere rask. Ofte når naudetatane kjem til eit skred så er det for seint. Vårt håp er at vi skal vere så raske på labben at vi skal kunne vere veldig tidleg ute.

– Mange av dei som er i gruppa er ofte i fjellet, så planen vår er at vi skal kunne rykke ut frå fjellet og rett inn i eit område. Då er sjansane for å finne folk i live vesentleg større, seier Grefsnes.