Hopp til innhold

Her får borna på SFO ein dag utanom det vanlege

SOGNDAL (NRK): Borna som må bruke vinterferien på SFO, rynkar ikkje på nasen av den grunn. Iallfall ikkje med ein fjellsportfestival i nærleiken.

To blide jenter

LATTERMILDE JENTER: Gunvor (t.v) og Naomi kosar seg på Sogndal skisenter.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Eg likar best å ake! Men det er artig å gå på ski og lage snømann også, fortel Gunvor på sju år.

Det er fyrste gongen Fjellsportfestivalen har invitert SFO ved skulane i Sogndal. Her stiller festivalen med buss, heiskort, saft og pølser til SFO-borna.

Mange av ungane nyttar seg av alle tilboda, men Gunvor treng ikkje heiskort, ho tek beina fatt.

Grått, men godt

Fjellsportfestivalen har tidlegare hatt knallvêr , men Gunvor bryr seg ikkje om slikt. At vêret er litt grått, ofrar ho ikkje ein tanke. Ho er godt kledd.

Med gul refleksvest og ei blå lue med to duskar er ho lett synleg i det kvite landskapet.

Ivrig og blid går Gunvor med raske skritt opp den store akebakken i Hodlekve på Sogndal Skisenter. Ho har fått med seg Naomi på ni år. Dei går på SFO ved Trudvang skule.

Naomi og Gunvor aker

GOD FART: Naomi (t.v.) og Gunvor tykkjer det er moro i akebakken.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

– Me køyrde ned ein bratt bakke og det kilte så i magen! Det var veldig gøy, seier jentene.

– Det er utruleg kjekt!

Den daglege leiaren for Fjellsportfestivalen ville at festivalen skulle satse meir på dei yngre dette året.

Stian Hofslundsengen

FESTIVALSJEF: Stian Hofslundsengen er veldig nøgd med festivalen så langt.

Foto: Guro Brattespe Lahus / NRK

– Det er dei som har potensialet innanfor fjellsport, tenkjer eg. Til yngre du tek dei, til galnare blir dei!

Hofslundsengen er nøgd med ordninga dei fekk til.

– Skal ein få ordentlege fjellsportfolk og er ein nøydd til å få dei opp i bakkane frå tidleg alder. Det er veldig kjekt å kunne ordne til noko for dei som blir sittande på skulen heile vinterferien.

– Kjem de til å halde fram med dette tilbodet?

– Det kan absolutt hende. Me får ta ein evaluering med skulane, men eg ser ikkje bort ifrå det!

Moro med snø

Christoffer Skjæret er assistent ved Trudvang skule. Han likar å vere med når ungane leikar.

Snøballkrig

DEN SOM ER MED PÅ LEIKEN: Assistent Christoffer Skjæret skjønnar at han får tilbake når han tullar med ungane. Det tek han med eit smil.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Skjæret fortel at dei har faste opplegg i skibakken med ulike grupper om vinteren, men at det var stas å bli invitert opp i bakken av Fjellsportfestivalen.

– Det er mange som har tatt seg fri i ferien, men det er ikkje alle som kan ta fri når det passar dei. Difor prøvar me å fylle denne veka med litt artigare aktivitetar.

Utan mat og drikke, duger helten ikkje

På Sogndal skisenter nærmar det seg lunsjtid for SFO. Det er viktig med litt mat i kroppen etter ei god økt i slalåmbakkane, på langrennski eller akebrett. Det er tydeleg at ungane kosar seg med maten ute.

Gunvor og Naomi kosar seg på Fjellsportfestivalen

VIKTIG MED MAT: Gunvor (t.v.) og Naomi seier det er godt å ete litt.

Foto: Trine Svanholm Misje / NRK

Men dei sit ikkje for lenge, for når «fjedle kadla, lyte dei gao».