Gjev nytt liv til gammalt utstyr

SOGNDAL (NRK): Gjenbruk er i vinden som aldri før, og skifolk er ikkje lenger noko unnatak. På Fjellsportfestivalen var det bruktmarknad for å motverke utstyrsjaget.

Emil Fagerli kjøper ski på Fjellsportfestivalen sin bruktmarknad

GODE SKI TIL LÅG PRIS: Emil Fagerli er nøgd med tilboda på fjellsportfestivalen sin bruktmarknad.

Foto: Trine Svanholm Misje

– Dette ser jo ut som heilt nye ski, jublar Emil Fagerli.

Han er ein av mange som har teke turen innom bruktmarknaden til Fjellsportfestivalen i Sogndal. Han har retta blikket mot eit par ski som vert seld brukt, for under halve prisen av det same typen ski ville kosta i butikk.

– Eg har eigentleg nok ski, men desse var veldig fine. Og så er det jo eit veldig godt tilbod.

Meir fokus på gjenbruk

Det har lenge vore snakk om eit utstyrsjag i skimiljøet. Dette ser no ut til å snu. For også i skisporten ser det ut til at fokuset går meir og meir mot gjenbruk.

Det merkast på oppmøte på bruktmarknaden at gjenbruk er populært. Lokala er smekkfulle av folk i alle aldrar som er på jakt etter nye, gamle skattar.

– Utstyret blir jo ikkje dårleg sjølv om det blir gammalt, seier Fagerli medan han inspiserer skiparet nøye.

Festivalsjef for fjellsportfestivalen Stian Hofslundsengen

POPULÆRT MED GJENBRUK: Festivalsjef Stian Hofslundsengen seier at fjorårets bruktmarknad vart så populær at i år måtte dei finne eit større lokale.

Foto: Trine Svanholm Misje

Også festivalsjef Stian Hofslundsengen har merka seg at fleire og fleire skigåarar er interessert i å kjøpe utstyr brukt.

– Eg trur at fokuset har skifta mot gjenbruk, og vekk ifrå det at ein må ha det nyaste og kulaste heile tida. Folk tenkjer meir på kva dei kjøper. I tillegg er folk flinkare til å reparere plagg som er gått hol på, i staden for å kaste det, seier Hofslundsengen.

Gjev nytt liv til gamle klede

Og på Fjellsportfestivalen får ein ikkje berre høve til å handle på bruktmarknaden, men ein kan og få fiksa eigne klede som er slitne eller øydelagde.

På Systova sit nemleg sydamene Siri Johanne Oksholen, Annette Langedal Holme og Sofie Kristoffersen. Dei er klare for å ta i mot og reparere slitne klede til ein billig penge.

– Vi ønskjer å gje nytt liv til gamle klede. Vi vil medverke til å halde forbrukarsamfunnet på eit bra nivå, ved å oppfordre til å fikse gamle klede framfor å kjøpe nytt, seier Kristoffersen.

Anniken Helene Aalerud leverer inn til systova på fjellsportfestivalen.

REPARERER GAMLE KLEDE: Sydamene tek jobben med å reparere Anniken Helene Aalerud sine slitne plagg.

Foto: Trine Svanholm Misje

Anniken Helene Aalerud er ei av dei som nytta seg av dette tilbodet. Ho tykkjer at det er bra at fjellsportfestivalen har eit slikt tilbod, ettersom det elles ikkje er mange stadar i Sogndal der ein kan få reparert sakene sine.

– Eg har vore på søken etter skreddar framfor å måtte kjøpe nye produkt. Det hopar seg fort opp med ting som er gått i stykke, og då er det bra å få levert det inn no som det er eit tilbod her, seier Aalerud.

Gode tilbod, låg terskel

Men for dei som ikkje har gammalt utstyr som treng fiksast, er sjansen god for at ein dreg nytte av turen likevel.

Og i andre enden av lokalet har Emil bestemt seg. Det blir nye ski i år og.

– Eg klarer ikkje styre meg. Det var eit altfor godt tilbod.

Emil Fagerli nøgd med nye ski

TRENG FLEIRE SKI: – Det er mykje forskjellig snø, og då treng ein ulike typar ski, seier Emil Fagerli.

Foto: Trine Svanholm Misje