Hopp til innhold

«Dette skredet er skremmande. Heile fjellsida har kome siglande»

– Dette er utruleg skremmande, seier Morten Hagen som ofte køyrer ski i Sogndalsdalen. Laurdag vart det slått full alarm etter fleire snøskred i nærleiken av Hodlekve skisenter.

Snøskred på Blåfjell

SNØSKRED: Dette biletet er teke frå toppen av eit snsøkred ved Omnane.

Foto: Marta Stina Lidström

Det største skredet, og det første som vart meldt inn, gikk frå Nonsholten mot Gunvordalen. I frykt for at nokon kunne ha blitt tatt av skredet vart det sett i gang ein større leiteaksjon like over klokka 12.

Snøskred ved Blåfjell i Sogndalsdalen

SKRED: Toppen av snøskredet ved Nonsholten i Sogndalsdalen.

Foto: Marta Stina Lidström

To timar seinare vart aksjonen avblåst.

– Vi har klarert området og konkluderer med at ingen personar er tekne i skreda i fjellområda vest for Sogndal skisenter. Ein har snakka med folk som har vore i området, ein har hatt både luftambulanse og redningshelikopter i lufta som har observert skispor inn og ut av ormådet og ein har hatt snøscooterpatrulje og Røde Kors inn for å sjekke området, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrik.

Snøskredet i Sogndalsdalen

FJELLSIDA: Snøskredet i Sogndalsdalen var fleire hundre meter breitt.

Foto: Jan Helge Aalbu

– Heile fjellsida

I tillegg til skredet frå Nonsholten, vart det også oppdaga to snøskred frå Kambafjellet mot Stedjekammen. Dette ligg endå nærare Hodlekve. Skiheisen som fraktar skituristar opp i området vart stengde.

Created by InfoDispatcher

Fotograf: Ole Andre Rekkedal

Også fem hundar var med til skisenteret, men ingen vart sendt ut på søk. Snøskredet skremmer eit stadig veksande skimiljø i Sogndal. Morten Hagen såg skredet frå vegen.

Snøskred ved skisenter i Sogndalsdalen

STORT: Det har gått tre snøskred i ved Hodlekve skisenter i Sogndalsdalen.

Foto: Marta Stina Lidström

– Dette er utruleg skremmande. Det er ikkje berre eit lite snøras, men heile fjellsida som berre har sagt "pang" og kome sigande, seier Hagen som sjølv køyrde i nærleiken fredag kveld.

Han er ovveraska over at det gjekk ras.

– Eg kommenterte i går då vi kom ned att i bilen kor bratt det var, men at snøen faktisk sat utruleg godt. Så eg er overraska om dette har løyst seg ut av seg sjølv, seier han og vedgår at det er skremmande.

Populært område

Cecilie M. Grendahl, Hodlekve

DAGLEG LEIAR: Cecilie M. Grendahl.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Området er populært blant skientusiastar. Dagleg leiar Cecilie M. Grendahl seier mange vel å følgje skiheisen til skisenteret, for å komme seg ut i fjellet.

Likevel meiner ho at dei fleste vel å køyre i skogsområdet som er utanfor rasområdet.

– Der er det tryggast å køyre, seier ho.

Vegard Pettersen

LEIAR: Vegard Pettersen i Sogndal Røde Kors seier at dei vil ha folk i området ut dagen.

Foto: Halvor Farsund Storevik / NRK

Leiar Vegard Pettersen i Sogndal Røde Kors Hjelpekorps seier at sjølv om søket no blir avslutta, så vil ein halde opp ein viss form for beredskap. Det kan framleis gå fleire skred.

Sogndal Røde Korps Hjelpekorps hadde 23 personar ute i felten, medan 15 personar frå Hafslo Røde Kors Hjelpekorps vart kalla ut, men trekt attende då aksjonen vart avlyst.

Created by InfoDispatcher

Fotograf: Halvor Farsund Storevik

– Vi kjem til å halde folk i Hodlekve og på ein utplassert post som vi har i området til skidagen er over, seier Pettersen.

Snøskredfare 3

Snøskredvarslinga til NVE opplyser at det i regionen er snøskredfaren er betydeleg. På ein skala frå ein til fem er åtvaringa på tre.

– Unngå leområde med fersk fokksnø i høgda. Den ligg stadvis oppå eit lag overflaterim, lyd åtvaringa på varsom.no.

Snøskred i Sogndalsdalen