Hopp til innhold

Ingar (45) er pudderpendlar frå Oslo

Denne sesongen har skisenteret Hodlekve i Sogndal opplevd at interessa frå langvegsfarande laussnøentusiastar har eksplodert. Ingar Rognås (45) kom heilt frå Oslo på jakt etter den sagnomsuste laussnøen.

Ingar Rognås på ski i Sogndal

BADAR I PUDDER: Ingar Rognås er ein av mange som reiser langt for å oppleve dei gode snøtilhøva i Sogndal.

Foto: Ingar Rognås / NRK

I vekedagane er Ingar Rognås rådgjevar i eit eigedomsmeklarfirma i Oslo. I helgane er det jakta etter pudder som gjeld.

Og han er villig til å reise langt for å finne den beste snøen. Sju timar tek det frå kontoret i Oslo, til han kan spenne på seg skia i Hodlekve.

– Snøen her er tørr og fin, og så det så mykje av den. I tillegg er det open og fin skog å køyre i. Det er jaget etter fantastiske skiforhold som gjer at eg gidd å reise over, seier han.

Reknar med det blir fleire turar

På torsdag via Dagens Næringsliv fire heilsider til pudderpendlaren frå Oslo, som hadde funne draumetilhøva i nettopp Sogndal.

På grunn av lite snø på Austlandet, har det denne vinteren blitt mange turar vestover på den skiglade rådgjevaren. Førre helg var turen komen til Sogndal, og opplevinga gav meirsmak

– Eg reknar med å reise over igjen neste helg, viss det kjem meir snø. Men eg reiser dit snøen er best, seier han.

For Rognås vart førre helg det første møtet med sognesnøen han har høyrt så mykje om.

– Eg har fleire venner som har vore borte der og køyrt ski. Det, og at eg har lest om plassen på nettet, gjorde at eg bestemte meg for å ta turen, seier han.

Ingar Rognås på tur opp Kambafjellet

NATUREN LOKKAR: I tillegg til snøen, er den fantastiske naturen ein av grunnane til at Ingar Rognås let seg lokka heilt til Sogndal for å stå på ski.

Foto: Ingrid Høye Tøraasen / NRK

Interessa har eksplodert i år

Dei mange store medieoppslaga og den berømte jungeltelegrafen har gjort Hodlekve kjent langt utover fylkesgrensene. Hit kjem dei frå heile verda for å stå på ski.

Merkevara har bygt seg sakte opp over tid, men det er først denne sesongen det har eksplodert, seier dagleg leiar ved skisenteret, Cecilie Grendahl.

Tor Yttri og Cecilie Grendahl

HAR EKSPLODERT: Dagleg leiar Cecilie Grendahl, her saman med Tor Yttri frå Bratt Moro, seier det er først denne sesongen interessa frå langvegsfarande skikøyrarar har eksplodert.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Heilt klart. Vi har fått folk som har reist frå Oslo, Helsinki og Stockholm for å komme hit på ski, seier ho.

Populær laussnøekspress

Ho trur den unike laussnøekspressen har mykje å seie for posisjonen Hodlekve har fått. Den gjer det enklare å få inn ekstra mange høgdemeter i løpet av ein dag.

Førre helg frakta den 600 hundre skikøyrarar frå riksvegen tilbake til anlegget.

– Det har vore ekstreme tilstandar, seier Grendahl.

Det store innrykket av folk utanfrå har også bydd på utfordringar. På det verste har ikkje bussen greidd å ta unna dei store mengdene skikøyrarar som står og ventar i skogkanten.

– Den første helga var vi ikkje budde i det heile på at det skulle kome så mange folk. Då stod det folk i lange køar langs riksvegen og vi vart nøydde til å setje inn ekstra bussar, noko vi aldri hadde forventa at vi nokon gong måtte gjere, seier ho.