Det er ikkje lenger berre i saueflokkane reven herjar. Også i meir tettbygde strok har raudreven byrja å vise musklar.
Tok åtte kaniner
Tone Strømmen Kjerpeset bur i Florø, og då ungane hennar 3. juledag gjekk ut for å sjå etter kaninburet sitt hadde reven alt vore der.
- Vi fann litt blod og ein del hår på tuene. Ungane var jo heilt frå seg. Dei spurta ut i kaninhagen og kom hylande inn igjen og ropte at det berre var ein kanin igjen. Men då eg kom ut fann eg to til skremde i eitt av husa. Så det var åtte kaniner borte og tre igjen, fortel Strømmen Kjerpset.
- Kan angripe småborn
Seinare tok reven også familien sin hannkatt. No meiner småbarnsmora at reven må avlivast.
- Det betre å ta han før det skjer noko verkeleg alvorleg. Set ein små born i vogner for å sove utanfor husa, så kan reven angripe borna. Når han tek hannkatten vår på åtte kilo, så trur eg han går på det meste, fryktar Strømmen Kjerpeset.
Miste mesteparten av lamma
Heilt inn til indre Sogn blir det meldt om kraftig vekst i revestammen. Naturoppsynsmann Einar Fotun har sett mange døme. Spesielt i Luster har han sett mange spor etter herjingane til reven.
- Vi kan trygt seie at revestamma er på veg opp igjen etter at skabben er borte. Det har mykje dreping av lam i fjor vår, spesielt på Veitastrond, seier Fortun.
Også frå Fjaler kjem dei same meldingane.
- Før miste eg gjerne fire-fem lam. Det godtok eg. Men når eg sender 20 lam på fjellet og får att seks, er det moalaust, seier sauebonde Oddvar Igelkjøn.
Dårleg oversikt
Rovviltkonskulent Hermund Mjelstad hos fylkesmannen har lite å støtte seg til når han blir spurt om revstamma veks. Det finst ikkje kartlegging av rev, og Mjelstad seier stamma godt kan ha vakse seg stor i det stille.
- Talet på rev går i bølgjer. Det kan godt vere at det er meir rev no enn dei siste åra.
Skabben borte
Dei siste åra er det skabben som har regulert revestamma, og at skabben har slept taket kan vere forklaringa på auken. Revejakt, som var heilt vanleg før, er det svært få som driv med i dag.
- Mitt inntrykk er at det er blitt mindre vanleg å drive revejakt, seier Mjelstad.
Sluttar med sauer
Grunnen til at skadane reven gjer ikkje blir rapporterte, er at ingen betalar ut erstatning. Saueeigarar får berre erstatning om det er freda rovvilt som drep. Det betyr at Oddvar Igelkjøn går på eit reint tap når reven drep sauene hans. Det betyr at tida med sauedrift er over for Igelkjøn sin del.
- Det berre å innsjå at alt er tapt. Reven har tatt knekken på meg no, seier 73 år gamle Igelkjøn, som aldri har opplevd så mykje rev tidlegare.
Ber bøndene jakte
- Bøndene må jakte på reven, skal dei unngå tap. Det er beskjeden frå leiar i bonde- og småbrukarlaget i Sogn og Fjordane, Jostein Kvåle. Han trur det ikkje er bryet verdt å jobbe for ei erstatningsordning.
- Eg tvilar på at det er realistisk å få til noko. Det har vore prøvd før, men vi har vel innsett at det ikkje er råd å få det til.
Kurs i revejakt
På grunn av auken i revestamma har jeger- og fiskeforbundet no sett i gang eit kurs i revejakt. Fagleiar Geir Haukås seier at kunnskapen om denne typen jakt er i ferd med å forsvinne. Han utelukkar heller ikkje at det kan verte aktuelt å organisere jakt på rev.