Hopp til innhold

Ingen av dei over 700 tilsette i RenoNorden fekk løna dei skulle hatt på konto i dag

Ingen av dei over 700 tilsette i den konkursråka søppelgiganten RenoNorden har fått løn i dag. Tilsette vert no bedne om å varsle sine kreditorar om situasjonen dei har hamna i.

Renovasjonsarbeider, søppelvil, søppeldunk

FEKK IKKJE PENGAR: Dei tilsette i RenoNorden skulle hatt løn på konto i dag, men den kom ikkje.

Foto: Frans Kjetså / NRK

– Dette er veldig beklageleg for alle dei gutane og jentene som ærleg og heiderleg har jobba for løna si, seier forbundssekretær i Norsk Transportarbeiderforbund, Ole Einar Adamsrud, som har ansvar for fagforeiningsorganiserte som jobbar med renovasjon.

134 norske kommunar er råka av konkursen til søppelgiganten RenoNorden. Bankane har garantert for drift fram til 28. september. Kva som skjer etter det er, for mange, framleis uvisst.

Lovar å prøve

Adamsrud er redd dei RenoNorden tilsette no kan risikere å bli ståande utan å få løn den neste månaden. Bustyrar for RenoNorden, Tom Hugo Ottesen i Kvale advokatfirma seier dei jobbar med å få ut løn til dei tilsette så fort det let seg gjere.

– Vi har inngått ein avtale med bankane om at, dersom ingen andre går inn og betalar løn, skal vi dekke løn. Vi jobbar for å få det ut i løpet av denne veka, seier Ottesen.

Meiner situasjonen kunne vore handtert betre

Bustyrar Ottesen kan likevel ikkje gi nokon garantiar for at løna kjem.

– Det er ikkje eg som sit på pengesekken, men eg skal gjere det eg kan for at dei som sit på pengane betalar ut løn til dei tilsette, seier Ottesen.

Einar Adamsrud i transportarbeiderforbundet meiner denne situasjonen kunne ha vore unngådd.

– Denne konkursen kom nok ikkje som eit sjokk for verken leiinga i RenoNorden eller bankane deira. Dei burde ha funne løysingar for vidare drift for lenge sidan, seier Adamsrud.

Kan dryge lenge før løna kjem

Om det ikkje skulle kome løysingar som gjer at dei tilsette får løn no vil saka hamne under lønsgarantifondet. Då kan det ta tid før dei tilsette får løn.

– Erfaringsmessig så jobbar ikkje lønsgarntifondet fort. Det kan fort gå eit halvt års tid eller meir før dei tilsette får den løna dei skal ha, seier Ole Einar Adamsrud i Transportforbundet.

Han meiner det kan vere lurt av dei tilsette å vere føre var og ta visse grep no.

– Dei bør kontakte sine bankforbindelsar eller dei som dei leiger hus av og forklarar at dei har kome i ein situasjon som dei ikkje har kontroll over sjølve, men at pengane vil kome.