Hopp til innhold

Reisenettstader gir vekst for gamle attraksjonar

2015 var det beste året på 375 år på Walaker Hotell. Men 2016 er hakket betre. Dei internasjonale reisenettstadene er verdifulle, og gir gratis reklame for små hotell.

Ole Henrik Walaker, Walaker hotell

Ole Henrik Walaker er vert for Walaker hotell og nyt godt av tilbakemelding frå gjestene på internasjonale reisenettstader.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Turistar frå utlandet har verkeleg fått opp augene for Vestlandet. På Walaker Hotell i Solvorn, ved Lustrafjorden, har dei ikkje plass til alle som vil vere gjestene deira.

Norske besøkande kjem mange stader til fulle hotell, så vertskapet er nøydde til å seie til mange at det ikkje er ledige rom. Nye medium kan ta mykje av æra for at pågangen frå utlandet har vore stor dei siste to sesongane.

– Før hadde ikkje småhotell budsjett til store marknadsføringsannonser, men no kan vi vere meir synlege, seier Ole Henrik Walaker.

Les også: Opnar barndomsheimen for turistar

Gjesteskryt er verdfullt

Han seier at hotellet no har gode tilbakemeldingar frå gjester på internasjonale nettstader som TripAdvisor, Booking.com og Trivago. På Trivago har Walaker hotell dei mest nøgde kundane i landet.

– Det er litt utruleg at vi kan ha dei mest nøgde gjestane i landet. Det er ei stor ære til dei tilsette, seier hotellverten.

For samstundes som nøgde gjester gir hotellet internasjonal merksemd på internett, står andre gjester i kø.

Walaker Hotell har 22 rom, men slik pågangen er no, kunne dei hatt hundre rom. Hotellet har vore i drift sidan 1640, men dei to siste åra har vore betre enn nokon gong før i historia.

– 2016 er hakket betre enn 2015, som var vårt beste på 375 år, seier Walaker.

Walaker Hotell frå fjorden

ETTERTRAKTA: Med si plassering ved Lustrafjorden er Walaker Hotell ein stad pengesterke turistar gjerne vil bruke feriedagane sine.

Gode utsikter

Slike rekordår gjer det mogleg å satse stort framover.

Walaker synest det er gode utsikter, ettersom marknadsføringa er godt etablert. Men det er viktig for næringa at kronekursen held seg låg.

– Viss det blir vesentleg dyrare igjen for utlendingar, då misser vi kanskje ein del. Men eg trur Norge har ein sterk posisjon, så det segmentet som vi jobbar inn mot, «high end» og litt under, dei kjem uansett om det er sånn eller sånn.