Hopp til innhold

Opnar barndomsheimen for turistar

SOLVORN (NRK): 21 år gamle Alvilde Hallaren har ein litt annleis sommarjobb. Ho har nemleg gjort barndomsheimen i Solvorn om til gjestehus.

Alvilde Hallaren

OPNAR DØRENE: Alvilde Hallaren er vert i sin eigen heim. I sommar er det turistar som bur her.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Villa Solvorn

IDYLL: Solvorn lokkar mange turistar om sommaren. Villa Solvorn er ein av fleire overnattingsplassar dei har å velje mellom denne sommaren.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– I Solvorn er det ein del turistar, og det er stor etterspurnad etter soveplassar. Så vi tenkte at vi kunne prøve å starte opp eit gjestehus, og at det då blei sommarjobben min, fortel den ferske vertinna på Villa Solvorn.

I sommar har familien flytta ut i telt i hagen, og i huset er det laga til fem rom med til saman 12 sengeplassar som no vert leigd ut til turistar.

Det er Alvilde Hallaren (21) som styrer det meste, men får litt hjelp av både faren og broren når det trengst.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alvilde Hallaren

LYST OG LUFTIG: Romma er det Alvilde sjølv som har innreia.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Både Walaker hotell og fleire andre gjestehus tek i mot turistar i bygda på denne årstida. Villa Solvorn opna 17. juni, og Hallaren fortel at det til no har gått veldig bra.

– Vi har hatt gjestar frå mange ulike plassar. Det har vore ein del frå Norge, og vi har hatt besøk frå Tyskland, Belgia, England og USA. Dei som reiste i går kom heilt ifrå India. Vi blir godt kjent med gjestane, og det er veldig triveleg, fortel ho.

Metta av utlandet

Villa Solvorn

FRED OG RO: I hagen til Villa Solvorn viser bygda seg frå si beste side.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I den vesle bygda ved Lustrafjorden merkar ein knapt turistane, men likevel er den idylliske plassen svært populær.

Dagens gjestar i Villa Solvorn er to norske damer. Ei av dei er Heidi Solheim.

– Det er heilt supert å vere her. Nordmenn har reist mykje til utlandet. Kanskje er dei metta? seier ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Turistnæringa i Norge opplever ein rekordsommar.
Både nordmenn og utlendingar ynskjer å feriere i trygg norsk natur.

SJÅ TV-SAKA: Turistnæringa i Norge opplever ein rekordsommar. Både nordmenn og utlendingar ynskjer å feriere i trygg norsk natur.

Det går mot eit rekordår for tredje året på rad for norsk reiseliv. Stadig fleire vil oppleve fin natur, og i år som i fjor får ein draghjelp av låg kronekurs.

– Trass hotellstreik har Sogn og Fjordane ein vekst i utanlandstrafikk på over 23 prosent i mai månad. Så det er heilt fantastisk, seier Wenche Salthella, bransjesjef NHO Hordaland

Vil ha det stille og roleg

Villa Solvorn - Alvilde Hallaren
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er nok den norske naturen som lokkar dei. Her er det veldig stille og roleg og lite folk. Dei frå India syntest det var godt å komme hit. Kontrasten var stor til New Delhi med 10 millionar innbyggjarar, medan her er det berre 200, fortel Hallaren.

Romma er lyse og lette, med eit romantisk prega interiør. Det er 21-åringen sjølv som står for stylinga av romma. Sjølv om det er første sesongen hennar, har det alt vore mange innom.

Villa Solvorn

ROMANTIKK: Til saman 12 sengeplassar kan Alvilde tilby.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei fleste kjem via Airbnb og nokre finn oss via Facebook, fortel ho.

I tillegg har ho store planar for mogleg utviding til neste år med telt i hagen.

– Eg trur eg har sikra sommarjobb for fleire somrar allereie. Det blir lite ferie, men jobben er veldig koseleg, seier Hallaren.

Alvilde Hallaren

FIN JOBB: Alvilde satsar på det vert fleire somrar som vertinne her.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK