NRK Meny
Normal

Regjeringa burde sagt nei til sjødeponi

– Regjeringa burde brukt førevar prinsippet og sagt nei til sjødeponi i Førdefjorden. Det seier Dagrunn Eriksen som er 1. nestleiar i Kristeleg Folkeparti.

Dagrunn Eriksen

BURDE SAGT NEI: Dagrunn Eriksen er 1. nestleiar i Kristeleg Folkeparti.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Det har vekt sterke reaksjonar at regjeringa har gitt Nordic Mining løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden i samband med gruvedrifta i Engebøfjellet.

– For KrF har det vore viktig å ha førevar prinsipp når det gjeld utbyggingar av denne typen. Når Havforskingsinstituttet, Fiskeridirektoratet, og for så vidt også Miljøverndirektoratet har vore så klare på konsekvensane, så burde regjeringa sagt nei, seier Eriksen.

Stor motstand

Motstanden mot det planlagde sjødeponiet i Førdefjorden er stor. Eriksen seier at når så mange faglege instansar har vore så klare på dei negative konsekvensane, så blir kostnadane med sjødeponiet for store.

– Vi vil gjere det vi kan for at ein tar dei miljøomsyna som må til. Utfordringa denne gongen er at KrF og Venstre ikkje har Arbeidarpartiet og Senterpartiet til å hjelpe oss med å presse regjeringa.

Stortinget

Miljøorganisasjonar har varsla at dei vil ta saka til ESA, og det fekk stor merksemd då formannskapet i Førde gjorde eit tilsvarande vedtak.

– ESA er ein lang veg å gå, eit svar der kjem ikkje i neste veke for å seie det slik. Det vi vil gjere er å sjå om ikkje alle slike store miljøsaker bør innom Stortinget, og ikkje berre kunne vedtakast på forvaltningsnivå.

Venstre ynskjer å få saka handsama i Stortinget, men Eriksen seier det også er nokre prinsipielle spørsmål ved ei slik handtering.

– Det er noko med at regjeringa som har forvaltaransvaret og Stortinget som skal trekke dei lange linene. Samstundes så meiner eg at når det er noko nytt og stort som dette, og når vi veit så lite om dei miljømessige konsekvensane av eit sjødeponi, så er dette ein type sak som hadde hatt godt av ein tur innom Stortinget.

Vegopning på Bergum i Førde kommune