Hopp til innhold

Regine Nesheim (19) frå Eid knuste juniorverdsrekorden

Norge har tatt gull i lagkonkurransen i junior-VM i pistol- og rifleskyting i Tyskland.

Regine Nesheim
Foto: Privat

– Det var veldig stas i går. Vi veit jo at dei er gode, og vi håpar på det beste, men gullet torde vi ikkje å tru på, seier mor Karin Anita Grodås Nesheim.

Over 500 skyttarar frå 65 nasjonar deltek på junior-VM. Norges skyttarforbund skriv på nettsidene sine at Nesheim, saman med Jenny Stene og Jeanette Hegg Duestad, knuste juniorverdsrekorden med 4,2 poeng. På 50 meter 60 skot liggande skaut dei 1859,7 poeng. Dei vann suverent føre USA og Kina.

Junior-VM i pistol- og rifleskyting

SIGER: Regine Nesheim (i midten) saman med Jenny Stene og Jeanette Hegg Duestad. – Dette er heilt fantastisk. Vi veit kor hardt dei har jobba for dette, seier mor Karin Anita Grodås Nesheim.

Foto: Privat

– Jentene var naturlegvis strålande glade. Dette er stort, seier Karin Anita Grodås Nesheim.

I dag konkurrerer Regine i den individuelle øvinga «match», der utøvarane fyrst skal skyte tjue skot på kne, deretter tjue skot liggande og tjue skot ståande. I morgon skal ho konkurrere i luftskyting.

Sølv til Lærdøl

På herresida vart det også medalje til Noreg. Lærdølen Jon-Hermann Hegg tok saman med Henrik Larsen og Benjamin Tingsrud Karlsen sølvmedalje i lagkonkurransen med 1858,0 poeng. Austerrike vann øvinga.

Norges Skyttarforbund skriv at det blei skote finale for å kåre medaljevinnarane, kor Jon-Hermann Hegg og Henrik Larsen kvalifiserte seg. Hegg vart nummer seks i finalen, og dermed beste norske skyttar.