Hopp til innhold

«Neste gong blir det kanskje bikini!»

Sogn Avis bruker samedrakt for å skape merksemd før tippeligastarten. Men ikkje alle er like imponert over samestuntet.

Bygdi og badl - magasin før seriestart

I SAMEDRAKT: I magasinet Bygdi og badl, står Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal i samedrakt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var heilt sikker på at det var tippeligasesongen som skulle starte, så det hadde vore fint å sjå folk i fotballutstyr, seier Alf Edvard Masternes.

Han er leiar av supporterklubben Isberget, som støttar fotballaget Tromsø IL.

– Då eg først såg biletet, trudde eg det var ein i Sogndal som var same. Men eg har forstått i ettertid at det ikkje stemmer. Dersom det var meint som ein provokasjon, har dei bomma, seier han.

Biletet av Sogn Avis-redaktør Jan Inge Fardal i samedrakt var på framsida av magasinet «Bygdi og badl». Magasinet er utgitt av Sogn Avis i samarbeid med Sogndal Fotball.

Biletet er tatt i samband med tippeligastarten denne helga, der Tromsø kjem på besøk til Sogndal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leder Alf Edvard Masternes i Isberget

TRUDDE HAN VAR SAME: Då Alf Edvard Masternes såg biletet, trudde han at Fardal var same.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Bikini neste ...?

Fardal fortel at grunnen til at dei valde dette biletet, var å skape merksemd, og lage eit tydeleg skilje mellom nord og sør.

– Det var ikkje meint som provokasjon, men som eit artig stunt. Det var gjort med glimt i auga, seier han.

Han trur det hadde vore meir unaturleg å nytte ei Tromsø-drakt enn samedrakt på biletet.

– Eg vil ikkje nytte andre drakter enn Sogndal Fotball. Eg trur folk hadde vorte meir provosert då, seier redaktøren.

Magasinet kjem ut tre til fire gongar i året, og Fardal lovar fleire kontroversielle bilete.

– Neste gong blir det kanskje bikini!

Ville ha vist meir respekt

Masternes seier at han ikkje har sterke kjensler for stuntet, men han ville ikkje gjort noko liknande sjølv.

– I respekt for sogningane, så ville ikkje eg brukt sognebunaden når eg ikkje høyrer til distriktet, seier han.

Og han veit kva klede han vil nytte på sundag.

– Det er jo tippeligaen som sparkast i gong, og på søndag skal vi møte Sogndal. Eg skal i alle fall ha på meg TIL-trøya når eg står på Fosshaugane, seier Tromsø-supporteren.