Lysluggen frå Stryn vart nemleg forvandla til ein raud djevel på måndagens trening med lagkameratane i saftbygda. Kvifor? Han hadde tapt i kortspel.
– Det gjekk skeis for meg, og straffa var å gå med ansiktsmaling på trening, seier han til NRK.no.
– Eg såg ikkje ut
Spelarane på eliteserielaget frå Sogndal har truleg spelt meir bondebridge enn dei fleste. Kortspelet er blitt ein tradisjon, og ein måte lagkameratane slår i hel tid både på treningsopphald og på turane til og frå kamp.
Den som taper må ofte tåle ei form for fantasifull «straff». Det kan vere alt frå å barbere av seg alt håret, springe heim frå trening i berre underbuksa, sitje i bagasjerommet på bussen heim eller bade naken på hotellet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Den siste i rekka som har måtte bite i det sure eplet er fjorårets toppskårar Ulrik Flo. Før treningskampen og generalprøva mot Strømsgodset samla spelarane seg igjen med ein runde bondebridge. Straffa for taparen Ulrik Flo var å bli ansiktsmåla av vinnaren, Gustav Valsvik.
– Eg såg ikkje ut for å seie det mildt, flirer Flo til NRK.no om ansiktsmålinga han måtte gå rundt med på treninga dagen etter kamp.
- LES OGSÅ:
– Heile Norge informert
Måten Sogndal-spelarane «straffar» kvarandre etter tap i kortspel har vore mykje omtala tidlegare. Det at dei er så herleg barnslege er noko som slår an blant mange.
Også denne gong fatta media interesse, kanskje ikkje rart etter at lagkamerat Ørjan Hopen la ut bilete av den raude djevelen på Twitter.
– Hopen visste å nytte seg av situasjonen og la ut bilete på Twitter. Då var jo fort både TV2 Sporten og VG og heile Norge informert, seier Flo.
Viktig for det sosiale
At Sogndal-spelarane ikkje berre er lagkameratar, men også gode kameratar er det ingen tvil om. Den gode stemninga dei imellom er svært viktig for også det sportslege resultatet, seier Flo. Kortspelet er ein av måtane dei held humøret oppe på.
– Vi må jo finne glede i lange borteturar som tek lang tid og kan vere fylt med lange kjedelege timar. Vi prøvar berre gjere det beste ut av det.
– Miljøet er ein stor del av kaka viss vi skal halde humøret og spiriten oppe. Det sosiale er ein av dei absolutt viktigaste tinga, seier Sogndal-spissen til NRK.no.
Spelarane har blitt gode i bondebridge og no håpar Flo at han kan ta hemn neste gong.
– Det er ein form for å drite kvarandre ut. Eg får pønske ut ein fin straff til neste gong.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: