Hopp til innhold

Har aldri hatt ein så tung dag på jobben

Rektor og ordførar reagerte med sjokk og vantru då nedlegginga vart kjent.

Rektor Kirsti Horne ved Stryn vidaregåande skule, og Stryn-ordførar Sven Flo

SJOKKERTE: Rektor Kirsti Horne ved Stryn vidaregåande skule og Stryn-ordførar Sven Flo set no sin lit til at politikarane bergar skulen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkesadministrasjonen vil leggje ned tre av dagens 13 vidaregåande skular i Sogn og Fjordane, Luster, Stryn og Høyanger. I Stryn trur ordføraren knapt det han høyrer.

– Det er sjokk og vantru. Eit heilt klart signal frå mi side er at dette ikkje er akseptabelt, seier Sven Flo umiddelbart etter at framlegget vart kjent torsdag føremiddag.

– Eg kan ikkje forstå det

Debatten om framtida til dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har rasa i fleire månader og i dag vart altså forslaget frå administrasjonen lagt fram.

Over heile fylket har ein kjempa hardt for å få behalde sine skular og utdanningstilbod, og Flo er djupt skaka over at skulen i hans kommune ikkje skal ha ei framtid.

– Vi meiner sjølve vi har spelt inn gode og solide argument for kvifor Stryn skal vidareførast. Vi har hatt ei solid engasjement heilt frå november av, og både næringsliv, lag og organisasjonar, og heile lokalmiljøet i Indre Nordfjord har engasjert seg, seier Flo.

– At fylkesrådmannen i større grad ikkje har valt å vektlegge det i større grad, men køyrer rett på modellen frå Norconsult, det kan eg ikkje forstå, rasar han.

– Eg vil krevje ei forklaring på kva som har skjedd etter høyringsrunden var avslutta og fram til fylkesrådmannen no la fram sitt framlegg.

Tyngste dagen nokon sinne

I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må det gjerast grep. I dag finst det 13 vidaregåande skular, men om fylkespolitikarane følgjer rådet frå fylkesrådmannen blir det altså berre ti skular i framtida.

Rektor ved Stryn vidaregåande, Kirsti Horne, har hatt ein tøff dag. Samtidig som fylkesrådmannen la fram innstillinga i Førde orienterte ho dei tilsette.

– Det er utruleg krevjande. Dette er den vanskelegaste dagen eg har hatt på jobb, seier Horne og er tydeleg prega.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stryn vidaregåande skule i 2008

KAN BLI NEDLAGT: Stryn vidaregåande er blant dei tre skulane som er føreslått nedlagde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Håpar politikarane snur

Ho har likevel valt å halde fokus på at dette berre er ei tilråding.

– Det er viktig å hugse på at dette ikkje er eit endeleg vedtak. No har vi ein månad å vise kven vi er.

Stryn vidaregåande skule var føreslått nedlagt også i Norconsult-rapporten, men dei tilsette er likevel sjokkerte over at fylkesadministrasjonen har valt å følgje opp.

– Spesielt når det står svart på kvitt i tilrådinga, og ikkje minst at dette skal gjelde allereie frå hausten 2014.

– Satsar på at dei tek kloke val

Rektoren har på ingen måte gitt opp, og håpar at skulen skal få leve vidare.

– Eg vil gjenta det eg har sagt før. Eg trur vi har kloke politikarar i Sogn og Fjordane, politikarar som vil lokalsamfunna, elevane, dei tilsette og folket vel.

– Eg satsar på at dei tek kloke val for samfunnet vårt, seier Horne til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Edvard Faleide

FORSKJELLSBEHANDLING: Edvard Faleide som er hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet ved Stryn vidaregåande, meiner Stryn har blitt dårleg behandla.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Urimeleg

Edvard Faleide som er hovudtillitsvald ved Stryn vidaregåande vedgår at han ikkje vart spesielt overraska over tilrådinga. Samtidig er han heilt klar på at politikarane ikkje kan følgje den.

– Eg ser på det som heilt urimeleg at Stryn skal få ei slik behandling.

Han viser til at Stryn kommune er den fjerde største kommunen i Sogn og Fjordane i forhold til folketal og folketalsvekst, og at dette på ingen måte syner att i tilrådinga.

– Politikarane har ein viktig jobb med å snu tilrådinga slik at den står i samsvar med den demografiske utviklinga, elevtalsutviklinga, folketalsutviklinga, næringslivsutviklinga.

– Stryn må behandlast meir på lik linje med dei andre tyngdepunkta, seier han og meiner noko anna vil vere ei forskjellsbehandling av kommunen i Nordfjord.

– Det er no kampen startar

Ordførar Sven Flo har heller ikkje tenkt å gje seg. Han seier dei har teke innover seg utfordringane, både i forhold til økonomien til fylkeskommunen og at elevtalet går nedover. Men likevel har han inga forståing for at Stryn vidaregåande skule blir kutta.

Han viser mellom anna til at elevtalsutviklinga i Nordfjord er positiv i åra som kjem.

– Vi er eit livskraftig samfunn som er i vekst. Spørsmålet er om fylkeskommunen ønskjer å nedbemanne og avvikle gode vekstsamfunn i fylket. Det er eit stort spørsmål som eg ventar at fylkespolitikarane tar inn over seg og jobbar aktivt med framover, seier Flo.

No er han klar til å brette opp ermane og kjempe vidare for skulen. Det er fylkespolitikarane som skal ta endeleg avgjerd i midten av juni, og Flo kjenner seg rimeleg trygg på at dei ikkje vil følgje innstillinga om nedlegging av Stryn VGS.

– Det er no kampen startar. Det er no dei som skal bestemme skal på bana, og eg har tiltru til at fylkespolitikarane tenkjer heilskap. Eg er overtydd om at dei vil vere tydelege på at Stryn vidaregåande vil vere ein skule som har livets rett.

Set sin lit til Senterpartiet

– Eg er heilt overtydd om at fylkespolitikarane ikkje kan stå oppreist å sjå Indre Nordfjord i auga om dei legg ned ein skule her. Eg vil sjå den fylkespolitikaren som står oppreist og bevisst gjer det valet, seier Høgre-ordføraren i Stryn.

Han seier han har stor tiltru til måten Arbeidarpartiet har jobba med skulestrukturen, og ser også at Senterpartiet rundt om kring i kommunane har jobba for eit Følling skuletilbod.

– Difor meiner eg at Sp, med Jenny Følling i spissen, faktisk er garantisten for at Stryn VHS får leve.

Tok til tårene

Også i Høyanger er stemninga dårleg. NRK-reporter Lars Petter Degnepoll seier elevrådsleiaren ved skulen reagerte med å ta til tårene då det vart klart at Høyanger vidaregåande skule er blant dei som er føreslått nedlagde.

Det er politikarane som skal avgjere framtida for skulane. Først skal saka opp i hovudutvalet for opplæring den 28. mai, deretter er det fylkesutvalet som diskuterer saka på møte 5. juni. Til slutt er det fylkestinget som skal ta endeleg avgjerd i saka, det skjer når fylkestinget møtast i Førde den 11. og 12. juni.