Hopp til innhold

Reagerer mot auken av byråkratar i Politidirektoratet

Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, går kraftig ut moten auken i byråkratar i Politidirektoratet POD. I dag jobbar det over dobbelt så mange i POD, som det gjorde for 10 år sidan.

Arne Johannessen

HART UT MOT BYRÅKRATVEKST: Arne Johannessen er regionlensmann i Sogn.

Foto: NRK

– Det gir eit heilt feil signal seier Johannessen.

Trass i at regjeringa varsla krig mot offentleg byråkrati, har Politidirektoratet vakse kraftig berre det siste året I Politidirektoratet i Oslo er det i dag 262 årsverk. Då direktoratet vart oppretta i 2001, var det 120.

– I strid med føresetnadane

– For det første så er det i strid med dei føresetnadane som låg til grunn då POD vart oppretta i 2001. Då var det svært klart det skulle vere eit lite direktorat.

Som leiar i Politiets Fellesforbund, var Johannessen sentral i etableringa av Politidirektoratet.

– No ser vi at politiet blir meir og meir toppstyrt, og at POD også tiltar seg operative funksjonar. Det er ei utvikling som ikkje er bra.

Også dagens leiing i Politiets Fellesforbund ser med uro på den kraftige auken i tal tilsette i Politidirektoratet.

Leder av Politiets Fellesforbund i Østfold, Unn Alma Skatvold

UROA: Unn Alma Skatvold er leiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Bjørn Ruud/NRK

Nestleiar Unn Alma Skatvold meiner resultatet av denne sentraliseringa fører til at det må kuttast i talet på polititenestemenn på gata og ute der folk bur.

– Det tykkjer eg gir grunn til uro. Det er ute blant publikum at tilliten til norsk politiet blir bygt. Vi er uroa over at styrkinga av Politidirektoratet går på kostnad av den daglege tenesta.

– Noko er veldig gale

Regjeringa av Høgre og Frp gjekk til val på at dei ville styrke det synlege politiet der folk ferdast og bur, og kjempe mot aukande byråkratisering. Men sidan då har Politidirektoratet auka frå 197 til 262 årsverk.

– Noko er veldig gale, seier regionlensmann Arne Johannessen. Han meiner politikarane må gå inn å sjå på årsaka til veksten, og ikkje minst kva rolle POD skal ha.

Skulle kutte byråkratiet

Leiinga i Politidirektoratet ynskjer ikkje å kommentere saka. Nettstaden ABC Nyheter presenterte nyleg at Politidirektoratets bruk av innleigde konsulentar har auka med 80 prosent det siste året, til 186 millionar.

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Vidar Brein-Karlsen

NAUDSYNT VEKST: Vidar Brein-Karlsen, er statssekretær i Justisdepartementet for Framstegspartiet.

Foto: NRK

–Dette må sjåast i samanheng med dei rapportane som ein har fått både etter 22. juli og politianalysen som har synt store svakheiter ved korleis norsk politi har vore leiar seier Vidar Brein-Karlsen, som er statssekretær i Justisdepartementet for Framstegspartiet.

– Men skulle ikkje de bygge ned byråkratiet?

– Jo, og vi er nøye på at den veksten som kjem i etaten skal føre til meir synleg politi, men så er det også trong for styrke nokre funksjonar sentralt i politidirektoratet.

– Arne Johannessen peikar på at dette er i strid med føresetnadane som låg til grunn då direktoratet vart oppretta, er du samd i det?

– Dei føresetnadane som vart lagt i 2001 synte det seg jo at politiet ikkje klarte å leve opp til då 22. juli inntrefte, og då har det vore viktig å få styrke nokre av dei funksjonane som mangla den gong.