NRK Meny
Normal

Ordkrig mellom Sp og Ap etter regionhavari

LEIKANGER (NRK): Fylkespolitikarane skulle finne vestlandsvegen vidare. I staden vart det ordkrig mellom raudgrøne ektefellar.

Åshild Kjelsnes, Sigurd Reksnes og Hilmar Høl på fylkesutval

AMPERT: Det vart munnhoggeri over bordet mellom Ap-leiar Hilmar Høl (t.h.) og fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (t.v.) på eine sida av bordet, og Sp-leiar Sigurd Reksnes (midten) på den andre sida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mutt Sigurd Reksnes

SKUFFA: Sigurd Reksnes (Sp) kritiserte Ap for å støtte Vestlandsregionen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg er skuffa over Arbeidarpartiet sitt knefall for blåblå sentralisering, sa fylkesleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet.

– Eg blir passe provosert av «president» Reksnes som trur at hans meiningar skal kullvelta eit fleirtal i partiet mitt, tordna fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet.

Dei to partia har samarbeidd i fylkespolitikken i ein mannsalder.

Men i fylkesutvalet der dei skulle finne ut vegen vidare for ein vestlandsregion, barka dei to fylkesleiarane saman.

Sp stod åleine

Tidlegare på dagen kom den overraskande meldinga om at Rogaland Frp hadde ombestemt seg, og at dermed ikkje lenger var fleirtal for ein vestlandsregion.

I fylkesutvalet hadde alle partia, bortsett frå det regjerande Senterpartiet, gått saman om eit fellesvedtak.

Der seier Høgre, Venstre, KrF, Frp og Arbeidarpartiet at dei framleis ønskjer ein storregion på Vestlandet. Med eller utan Rogaland. Og gjerne også med Møre og Romsdal. (Sjå faktaboks for heile vedtaket.)

Senterpartiet derimot kom med eit forslag om at Sogn og Fjordane no måtte stå åleine. Og at viss dei skulle bli med i ein region, måtte tre krav oppfyllast:

  1. Sogn og Fjordane må vere eige valdistrikt til Stortinget
  2. Det må vere nynorsk administrasjonsspråk
  3. Verdiane i Sogn og Fjordane Energi må bli verande i fylket
Jenny Følling og Sigurd Reksnes på fylkesutvalsmøte

SKILTE LAG: Fylkesordførar Jenny Følling (midten) og Sigurd Reksnes (t.h.) røysta ulikt i sak om Vestlandsregion.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Følling: – Vanskeleg for meg

Dette forslaget falt mot Sigurd Reksnes og fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sine røyster. Det som kanskje kan overraske nokon er at fylkesordføraren så valde å røyste for dei andre partia sitt forslag.

Det hadde ho varsla i debatten.

– Dette er vanskeleg for meg. Men eg tek ansvar som fylkesordførar. Eg synest det er viktig å vere med på å forme ei retning på reforma som er påtvinga oss.

Sigurd Reksnes røyster åleine i fylkesutvalet

SP STOD ÅLEINE: Berre Sigurd Reksnes (Sp) røysta mot dei andre partia sitt framlegg om Vestlandsregion. Til og med fylkesordførar Jenny Følling (Sp) røysta for.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Skremsel om arbeidsplassar

I debatten var også fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) krass med sin samarbeidspartnar.

– Senterpartiet spreier så mykje frykt om (dei offentlege, journ.merk.) arbeidsplassane som kan gå tapt. Men avtalen seier tydeleg korleis det skal vere. Dei er trygge.

– Avtalen i dag er vel og bra, svarte Sigurd Reksnes (Sp), men vi er uroa for folka som skal forvalte dette i eit regionting om 5, 10, 20 år. Eg fryktar dei vil leggje ned og sentralisere arbeidsplassane frå vårt fylke.

No er det fylkestinget som skal gjere det endelege vedtaket onsdag.

Der kjem truleg fleirtalsvedtaket frå fylkesutvalet (sjå faktaboks) til å bli vedteke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.