Hopp til innhold

Rasstengd veg er open ein halv time – før den stenger att

Statens vegvesen opnar riksveg 5 for trafikk mellom kl. 14 og 14.30, men stenger den att kl. 14.30.

Ras

FEKK PASSERE: Bilane som stod i kø ved den rasstengde vegen kunne køyre før dei på ny stengde vegen.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Mellom kl. 14 og 14.30 kan bilar passere. Etter kl. 14.30 stenger vi vegen for spyling av vegbana. Det er uvisst kor lang tid spylinga vil ta, seier trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Kl. 13 var vegen ei kort stund open for trafikk etter at det var lange køar. Ei kjelde NRK har snakka med fortel at det var kø i Sundefjellstunnelen av bilar som venta på å passere rasstaden.

I dag har geolog og anna mannskap jobba med å fjerne steinblokker i fjellsida.

– Det er store steinblokker som må fjernast før vegen kan opne. Ein klatrar skal opp om ein time for å losne desse blokkene, seier Erikstad.

Ras

OPPRYDDING: Mellom 30 til 50 kubikk med masse rasa ned på vegen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Isolert av raset

Det var i går ettermiddag det gjekk eit steinras ved Grov på riksveg 5 mellom Florø og Førde. Sidan då har vegen vore stengd.

Vegstenginga gjer at Florø er isolert. Statens vegvesen har sett opp ekstra båtruter for dei reisande som må komme seg til eller frå Florø i dag føremiddag. Det går båt mellom Florø og Villevika.

– På laurdag går båten frå Florø kl. 9, kl. 10 og kl. 11. Returen frå Villevika går kl. 09.30, kl. 10.30 og 11.30, seier Erikstad.

Flora kommune vil sette opp ein båt som går frå Florø til Eikefjord kl. 14.30 med retur frå Eikefjord kl. 15.30, viss vegen ikkje opnar opp for ferdsel kl. 13.

Fleire små ras i same område

Tidlegare på dagen på fredag hadde det gått to mindre ras i nærleiken av rasområdet.

– Det første meldinga sa at det var rast litt stein. I det vår entreprenør er der, og skal reise frå staden, så kjem det store raset. Då rasa det mykje stein, tre og jord, seier Hansen.

Det har regna ein del det siste døgnet, men det er ikkje meldt om fleire større ras i Sogn og Fjordane.

I dag tidleg var Magnhildskartunnelen mellom Grov og Svelgen stengd grunna stein inne i tunnelen.