Hopp til innhold

Florø er isolert på grunn av ras

Riksveg 5 mellom Grov og Florø vil ikkje opne før i morgon etter eit steinras stenger vegen. Det blir sett opp båtruter mellom Florø og Villevik.

Ras isolerer Florø

RAS STENGER VEG: Eit ras av stein, jord og tre gjer at riksveg 5 er stengd. Vegen vil ikkje opne att før i morgon tidleg, opplyser Vegtrafikksentralen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Stenging av riksveg 5 gjer at Florø med sine 9000 innbyggjarar står utan bilveg. Den einaste måten ein kjem seg til kystbyen på er sjøvegen.

– Ein geolog kjem på staden laurdag kl. 10. Fram mot det er vegen stengt, grunna raset, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Stenging av riksveg 5 gjer at Florø med sine 9000 innbyggjarar står utan bilveg. Den einaste måten ein kjem seg til kystbyen på er sjøvegen.

SJÅ VIDEO: Fredag kveld er båt einaste måten å kome seg til og frå Florø på. Kun fem bilar per tur. (Foto: Truls Kleiven)

Set opp båtruter

Det blir sett opp to forskjellige båtruter. Den eine blir sett opp av Flora kommune, og vil gå frå Fugleskjærskaia i Florø og til kommunekaia i Eikefjord sentrum.

– Båten Dagning går kl. 20.30. Den har plass til 53 personar. Dagning vil gå i retur frå Eikefjord til Florø kl. 21.30, seier Flora-ordførar Ola Teigen.

I tillegg vil ein ny båt gå frå Eikefjord til Florø etter 22.15.

Den andre båten blir sett opp av Statens vegvesen. Denne går mellom Florø og Villevika, opplyser Vegtrafikksentralen.

– Første båt vil gå frå Florø kl. 20 og kvar heile time fram til kl. 23. Frå Villevika vil båten gå kl. 20.30, kl.21.30, kl.22.30 og kl. 23.30, seier Erikstad.

Båten har avgrensa plass og kan ta nokre få køyretøy.

På laurdag blir det sett opp ekstra avganger mellom Florø og Villevika.

– På laurdag går båten frå Florø kl.9, kl.10 og kl.11. Returen frå Villevika går kl.09.30, kl.10.30 og 11.30, seier Erikstad.

Ras stenger veg

FLEIRE AMBULANSAR PÅ STADEN: Den stengde vegen mellom Florø og Førde gjer at transporten av pasientar på bilvegen blir vanskeleg.

Foto: TRULS KLEIVEN

Lange køar

Ei kjelde NRK har vore i kontakt med fortel at ambulansemannskap måtte flytte ein pasient frå éin ambulanse til ein annan, på andre sida av raset.

Det er ved Leversundet vegen er stengt, vest for krysset i Grov. Det har gått ras på denne strekninga to gongar tidlegare i dag.

Det er meldt om lange køar på begge sider av raset, men bilistar har etterkvart blitt dirigert bort frå staden.

– Florø er isolert

Flora-ordførar Ola Teigen er sjølv i Førde, men skulle ikkje tilbake til Florø i dag.

– Florø er isolert frå omverda. Dette er ein rasutsett plass, der rasa går ofte, seier Teigen.

Petter Langeland sat i bussen på veg til Florø då den måtte stogge grunna steinraset.

– Køen mot aust var ganske lang, medan det er færre bilar mot vest, seier Langeland.