NRK Meny
Normal

Rasar mot å betale avgift til kommunen

Oppdrettskongen Ola Braanaas rasar mot ny avgift som næringa skal betale til kystkommunane.

Ola Braanaas

MISNØGD: Ola Braanaas meiner det blir feil at næringa skal få særavgifter for å skape jobbar langs kysten.

Foto: NRK

– At kommunane skal ta avgift fordi vi lukkast med å skape aktivitet og arbeidsplassar i Kyst-Noreg meiner eg er trist, seier Ola Braanaas.

Denne veka vart det fleirtal i næringskomiteen på Stortinget for å innføre ei ny avgift på oppdrettsfisk som kan koste næringa 400 millionar kroner. Pengane skal gå til kommunane som husar oppdrettsnæringa. SV, Ap, Sp, KrF og Venstre støttar avgifta, Frp og Høgre er i mot.

Fiskeripolitisk talsperson i Ap, Ingrid Heggø, meiner vedtaket er sunt:

– Oppdrettsnæringa legg beslag på fellesarealet vårt i sjøen, og det er naturleg at kommunane skal ha noko att, seier ho.

Valkamp og kreftbehandling

VIKTIG: Ingrid Heggø er fiskeripolitisk talsperson for Ap, ho meiner det er bra at lokalsamfunna skal få meir igjen for at sjøareala går med til oppdrett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Ulempene er mindre enn fordelane

Men Ola Braanaas som eig Firda Seafood er skaka. Braanaas er også medlem i Høgre, og har vore vara til Stortinget.

Berre i Gulen har verksemda 80 tilsette.

– Eg trur fordelane er større enn ulempene. Det største problemet til kommunane er ikkje det arealet som blir nytta til næring, men heller alt det arealet som ikkje blir nytta til næring, seier Braanaas.

Nøgd ordførar gler seg over pengar inn

Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, er samd i at kommunen nyt godt av oppdrett. Men ser også fram til å få avgiftspengar på konto.

– Det vil bety mykje inntekter. Gulen er i ei særstilling med lokale oppdrettarar, og vi har to lakseslakteri. Men det er andre kommunar der ringverknadane er færre. Vi treng å stimulere til at fleire kommunar legg ut meir areal, då får vi vekst i næringa, seier Oppedal.

Hallvard Oppedal

MEIR PENGAR: Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal kan sjå fram til større inntekter.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ola Braanaas har tent hundrevis av millionar på oppdrett dei seinare åra. Likevel er han skuffa over Gulen i denne saka;

– Gulen har fått så mykje att, formannskapet gjekk i si tid inn for høgast mogleg avgift. Eg veit om det skuldast jantelova eller om det er mangel på pengar, seier Ola Braanaas.

Forsvarar avgifta

Ingrid Heggø seier bransjen kan måtte betale ut frå verdien av ikkje foredla fisk.

I dag tener oppdrettarane store pengar, Heggø seier at om inntektene skulle svikte skal oppdrettarane betale mindre.

– Kommunane treng føreseielege inntekter til Havbruksfondet. Det som har vore varsla er ikkje blitt noko av, vi kan ikkje sitje og vente lenger, seier Heggø.

– Merkeleg med avgift på å skape arbeidsplassar

Men Braanaas meiner det er rart at kommunane skal trenge ei avgift for å satse på oppdrett.

– Det viktigaste for ei kommune er vel at det blir verdiskaping, arbeidsplassar og at folk buset seg i kystkommunane. Då blir det levande og gode samfunn. Det bør vel ikkje vere slik at det skal vere skattlegging som stimulerer kommunane for å legge til rette, dette blir heilt bakvendt, seier Braanaas.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen