Hopp til innhold

Rapport: – Det nye naudnettet er sårbart og lite robust under ekstremvêr

Norge sitt nye naudnett viste klare svakheiter. Det er konklusjonen til Det Norske Veritas, som har granska korleis naudnettet fungerte under ekstremvêret «Tor».

Håndsett nytt nødnett

MISTA KONTAKTEN: Det nye digitale naudnettet som no er rulla ut til heile landet, gjer at alle naudetatane kan kommunisere. Men då vinterstormen «Tor» herja, fall fleire av basestasjonane ut.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

I januar i år slo «Tor» innover Vestlandet. I fleire område vart dette den første store testen på det digitale naudnettet som har kosta fleire milliardar kroner.

175 basestasjonar fall ut

No viser ein Veritas-rapport tinga av Direktoratet for nødkommunikasjon at til saman 175 naudnett-basestasjonar vart sett ut av spel etter uvêret.

Nokre av desse hadde eit avbrot på berre få minutt. 120 basestasjonar var ute i meir enn 10 minutt.

«Det største antall basestasjonar med utfall for Nødnett var rundt midnatt natt til 30. januar og store område var utan dekning.», heiter det i rapporten.

Vi har merka at det ikkje var så robust som vi kanskje hadde håpa og trudd

Tor Helge Lyngstøl, direktøri Direktoratet for nødkommunikasjon

Direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for naudkommunikasjon legg ikkje skjul på at dei har ein jobb å gjere.

– Vi bør sjå på basestasjonane som har falle ut, og sørge for at stasjonane vi no ser er sårbare, ikkje får store konsekvensar for andre basestasjonar viss vi skulle få utfall. Kort sagt prøve å prioritere dei tiltak innan for dei rammene vi har, slik at det blir best mogleg robust, seier Lyngstøl til NRK.

Naudnettmast i Nærøydalen

SLIK SER DEI UT: Her ein av basestasjonane for det nye naudnettet. Den aktuelle masta i Nærøydalen i Aurland er for øvrig kravd flytta av Miljødirektoratet, fordi den står 10 meter innanfor grensa til eit landskapsvernområde.

Foto: Arne Veum

Har etterlyst gransking

I Florø har Alarmsentralen i Sogn og Fjordane etterlyst ein rapport etter uvêret.

– Hadde uvêret pågått over fleire døgn, ville vi vore i ein situasjon der basestasjonane hadde vore ute under uvêret. Kva konsekvensar det ville gitt, det veit vi faktisk ikkje, påpeikar dagleg leiar Terje Brandsøy.

Terje Brandsøy Alarmsentralen

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Terje Brandsøy ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane er glad uvêret «Tor» var av det korte slaget. – Kva om dette hadde vart i fleire dagar, spør han.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Under «Tor» fatta ein mistanke om at ikkje alt fungerte som det skulle, når brannsjefane i enkelte område byrja å ringe inn via mobiltelefon i staden for å bruke sambandet.

I Sogn og Fjordane fall fire basestasjonar ut som følgje av uvêret. Denne gongen var uvêret kortvarig, og utfallet av basestasjonane fekk ikkje dei store konsekvensane. Brandsøy meiner likevel at det gir grunn til uro.

– Derfor har vi bede direktoratet om å greie ut kva som kunne ha skjedd. I verste fall kunne vi fått heile område der vi var utan samband. Det er det vi må prøve å unngå.

Vil koste nye milliardar

Direktoratet for nødkommunikasjon ser eit klart forbetringspotensial, men:

Tor Helge Lyngstøl

SER PÅ RESERVESTRAUM: Direktør Tor Helge Lyngstøl i Direktoratet for nødkommunikasjon tinga sjølv Veritas-rapporten. Han vedgår at naudnettet ikkje er så robust som ein hadde håpa.

Foto: Trond Stenersen / NRK

– Då må det byggast ut betydeleg meir reservestraum både på linjene og radiostasjonane vi brukar. Då snakkar vi om store beløp.

– Kor store beløp?

– Då snakkar vi om milliardar. Eg vil tru vi vil komme langt med éin til tre milliardar kroner, seier Lyngstøl.

Han viser til at svenskane har tatt slike forholdsreglar for sitt naudnett.

– Dei har sett inn mykje meir reservestraum enn vi har gjort i Norge. Det har ein også i Storbritannia. I Norge har vi basert oss på eksisterande teleinfrastruktur. Vi har merka at det ikkje var så robust som vi kanskje hadde håpa og trudd, vedgår Lyngstøl.

Rapport: - Det nye naudnettet er sårbart og lite robust.

SJÅ TV-REPORTASJE.