Rabies-saka: Kvinna jobba på sjukehuset der ho døydde

Kvinna i tjueåra som måndag døydde av den frykta sjukdomen rabies, jobba sjølv på Førde sentralsjukehus. Tilsette på sjukehuset har vore urolege, og over 30 har fått vaksine.

DIREKTØR: Arve Varden seier at dei har snakka med mange av kollegene til kvinna som døydde.

Det stadfestar Helse Førde onsdag ettermiddag. Dei seier at dei så langt brukt all sin energi på å ta vare på pasienten og pårørande på best mogleg måte.

– Eg kan ikkje underslå at nokon av våre tilsette er urolige. Vi brukar også energi no og ressursar på å å opplyse dei tilsette om korleis forløpet til rabies er og korleis ein skal handtere det, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

Har snakka med mange

31 tilsette på sjukehuset har blitt vaksinert, medan det er gjennomført samtalar med i alt 77 personar som jobbar på sjukehuset.

Både sjukehuset og Folkehelseinstituttet er tydelege på at det ikkje finst noko dokumenterte tilfelle av smitte mellom menneske.

– Kollegene har det tøft, som også pårørarande naturleg nok har. Vi har eit opplegg på gang for dei som har jobba nærast med ho. Så er det slik at nokon var tettare kollega enn andre, seier Varden.

Kvinna budde i Førde, men kom opphaveleg frå Fjell kommune vest for Bergen.

– Eg har fått tilbakemelding på at ho var ein pliktoppfyllande og flink kollega som er sakna sårt. Eg må berre seie at våre tankar no går først og fremst til dei pårørande.

Avlastar familien

I Fjell kommune har smittevernlege Jens Eikås tatt på seg oppgåve som talsmann for familien til den avdøde kvinna. Familien er i djup sorg, men også takksame for korleis dei blei tatt imot på sjukehuset i Førde.

– Dei har vore veldig, veldig nøgde med måten dei har blitt behandla på. Både vedkomande som pasient, og dei som pårørande. Dei kan eigentleg ikkje få rost nok dei som jobbar der, seier Eikås.

Kvinna døydde åtte dagar etter at ho vart innlagd på Førde sentralsjukehus. Det er første gongen på over 200 år at eit menneske har vore rabiessjuk på fastlandet i Noreg.

– Det å miste eit nært familiemedlem så brått og så uventa er jo ei tung påkjenning, seier Eikås.

Ho var i 20-åra og vart biten av ein hund på reise i Søraust-Asia for om lag to månader sidan. Ho var frå ein liten stad i Fjell kommune.

– Folk veit jo gjerne kven dei fleste er, og dermed så er det klart at det pregar området i betrakteleg grad, seier Eikås.

Krisestab

Kommunen har sett inn ressursar for å hjelpe familie og pårørande. Det er fleire dagar sidan dei sette krisestab.

– I praksis så betyr det å opne for eit psykososialt team i kommunen. Det er nok den funksjonen som blir mest nytta, seier Eikås.

– Psykolog og legar blir tilgjengelege for dei, seier han.

Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy opplyser om at kommunen blei varsla av Helse Førde tysdag morgon.

– Vi har mobilisert eit kriseteam. Pårørande skal få all hjelpa dei treng, og kommunen skal stille opp så langt vi kan, seier Bjorøy, og held fram:

– Dette er ei ung kvinne som har gått på både barne- og ungdomsskule i kommunen.

Sentralsjukehuset i Førde

VAR TILSETT HER: Førde sentralsjukehus var arbeidsplassen til kvinna som fekk rabies og døydde.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK