Hopp til innhold

Rabiessmitta pasient døydde åtte dagar etter at ho vart innlagd

FØRDE (NRK): Frå kvinna blei lagt inn på sjukehus med mistenkt rabiessmitte til ho døydde, tok det åtte dagar.

Øystein Furnes i Førde kommune

FØRST I KOMMUNEN: Kvinna var i kontakt med den kommunale helsetenesta fleire gonger, stadfestar kommuneoverlegen i Førde, Øystein Furnes.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Kvinna vart lagt inn 28. april, stadfestar Helse Førde til NRK.

Måndag kveld kom meldinga om at pasienten døydde av rabies. Den avdøde var ei kvinne i tjueåra frå Hordaland, busett i Sogn og Fjordane.

Før kvinna vart innlagd på Førde sentralsjukehus var ho i kontakt med helsetenesta i kommunen fleire gonger.

– Det stemmer. Rabies startar med veldig generelle symptom. Pasienten hadde kontakt med lege i ein kort periode, og ho var også innlagd i eit døgn på ei kommunal akuttseng, seier Øystein Furnes.

– Kan du seie noko om forløpet frå denne kontakten til pasienten vart innlagd?

– Eg kan ikkje gå inn på sjølve pasientforløpet, men det var kontakt fleire gonger, seier Furnes.

Kommuneoverlegen i Førde seier situasjonen har vore spesiell fordi rabies er ein så sjeldan sjukdom. Ikkje sidan 1815 har eit menneske vore rabiessjuk på fastlandet i Noreg.

– Det har vore ein krevjande situasjon for Helse Førde som har hatt behandlingsansvaret, og som har hatt tett oppfølging i dette tragiske forløpet, seier Furnes.

Medkjensle

– Me har vore prega av eit alvor, seier Trine Hunskår Vingsnes.

Fagdirektøren i Helse Førde innrømmer at det har vore ein ekstraordinær situasjon.

– Vi gjer det vi kan for å støtte dei pårørande. Vi har stor medkjensle med familien, seier ho.

På intensivavdelinga til Førde sentralsjukehus har dei teke imot det første påviste tilfellet av rabies i eit menneske på svært lang tid.

– Me har hatt ein pasient med ein sjeldan og alvorleg tilstand på sjukehuset. Men samtidig har alt gått som normalt også, seier Vingsnes.

Trine Hunskår Vingsnes, fagdirektør Helse Førde

SAKA HAR PREGA SJUKEHUSET: Det seier Trine Hunskår Vingsnes, fagdirektør i Helse Førde.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kvinna vart smitta av sjukdommen ved eit hundebit under ein ferietur i Asia for om lag to månader sidan. Sjukehuset fekk vite om hundebitet førre torsdag, og laurdag kom prøvesvara frå Sverige, som stadfesta at ho var smitta av rabies.

Kristine Mørch er overlege ved Haukeland universitetssjukehus. Det vart teke ei vurdering på om pasienten skulle sendast vidare til eit større sjukehus. Men dette vart ikkje naudsynt.

– Behandlinga i Førde har skjedd i nært samarbeid med fagmiljøet her på Haukeland. Førde har handtert situasjonen på ein særs god måte, og med støtte frå oss i all utgreiing og behandling som har blitt gitt, seier ho.

Smittevernarbeid

Mellom 25 og 30 tilsette ved Førde sjukehus har no blitt vaksinerte mot rabies, i tillegg til mellom 5 og 10 helsearbeidarar i Førde kommune. Det skriv VG.

– Dei tilsette blir bekymra for smitte, og vi har hatt behov for å få ut informasjon om smitterisikoen, seier Vingsnes.

På sjukehuset held dei fram arbeidet med smittevern i tida som kjem. Men Vingsnes påpeikar at det er trygt både for tilsette og besøkande til sjukehuset.

– Dette er ikkje eit virus som smittar lett i det heile tatt.

Fleire personar var med i reisefølget og var også i kontakt med den same hunden. Folkehelseinstituttet følgjer opp desse.

– Vi har jobba med å kartlegge kven desse personane er, og fått etablert eit system der desse har blitt kontakta. Dei blir tekne vare på av det lokale helsevesenet, sa Siri Feruglio ved FHI på sundag.