Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 31. desember

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Ifølgje ordføraren er det ingenting gale med mannfolka i Solund. Likevel er kommunen ein av dei åtte kommunane i landet med færrast – kva for noko?
  2. Styreleiaren i Fjord1 var blant dei som trekte seg etter at fylkespolitikarane i november gjekk inn for å selje sine Fjord1-aksjar. Kva heiter styreleiaren til førenamn?
  3. Kva heiter musikkfestivalen som blir arrangert i Skjerjehamn i Gulen kvar sommar?
  4. Senterpartiet gjorde eit brakval i Årdal i haust. Men eit lite parti sette ein stoppar for at Sp fekk ordføraren. Kva heiter det vesle partiet?
  5. Om du skal til Hisarøy i Gulen må du ta ei litt spesiell ferje, kva type ferje?
  6. Utbygginga i Engebøfjellet har ikkje berre skapt splid i Naustdal. I kva kommune på andre sida av fjorden har saka også splitta folket og politikarane?
  7. Stadhavet er kjent for sine tøffe vêrforhold. Heilt ute mot det opne havet ligg det eit fyr som er blant dei mest spektakulære turistmåla langs kysten i fylket. Kva heiter fyret?
  8. Bedrifta i Nordfjord sender ut nær ein million julekort i desember, kva heiter dei?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!