Hopp til innhold

Svar og vinnarar på julequizen

Har du prøvd deg på NRK Sogn og Fjordane sin quiz i jula? Her får du alle svara.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Kvar dag plukkar vi ut ein vinnar som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi også ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Under finn du svar og vinnarar:

DAB-radio:

Det har vore mange ivrige quizarar, og blant alle desse har vi trekt ut Rune Haugland frå Nordfjordeid som vinnar av DAB-radioen. Premien blir sendt i posten om litt, vi gratulerer.

3. januar

Løysingsordet denne siste dagen var nøtteknekkar. Av dei mange som kom fram til det trekte vi Roald Svoren frå Bryggja som den heldige vinnaren.

2. nyttårsdag, 2. januar

Rett svar var einebærbusk. Vinnar: Anne Karen Ravnestad, Sandane.

1. nyttårsdag, 1. januar

Rett svar var fuglenek. Vinnar: Marit Kleiven, Førde.

Nyttårsaftan, 31. desember

Rett svar var krumkake. Vinnar: Johannes Sjøtun, Balestrand

3. juledag, 27. desember

Rett svar var striesekk. Arild Fure frå Stryn vann denne runden!

2. juledag, 26. desember:

Rett svar var lutefisk. Vinnar: Marit Haugstad, Florø

1. juledag, 25. desember:

Rett svar var røykelse. Den uttrekte vinnaren var Guri England, Sogndal.

Julaftan 24. desember:

Rett svar var svineribbe, den vi trekte ut blant mange rette svar var Thor Kristian Sortevik, Leikanger