Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 24. desember

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Dagens quiz:

  1. Eit ektepar i Luster opna i desember ein fabrikk som er den einaste av sitt slag i fylket. Kva produserer dei?
  2. Institusjonen i Sogn feira i sommar 150 år. No jobbar dei hardt for å overtyde sentrale politikarar om at dei må få utvide med 30 plassar. Kva institusjon er vi ute etter?
  3. Malakoff avslørte like før jul at dei har lokka ein av dei største rockepunk-legendene til Eid neste sommar. Kven er det som kjem?
  4. Ferjeselskapet fann i sommar fleire trusselbrev i tette toalett på ferja Ampere. Kva heiter selskapet?
  5. Midtstopparen frå Vadheim var med då EM-draumen brast for Norge etter tapet mot Ungarn i midten av november. Kva heiter han til førenamn?
  6. Kva heiter mineralet Nordic Mining vil vinne ut i Engebøfjellet i Naustdal?
  7. Ho har vore varaordførar i Høyanger, og sit no som medlem i Næringskomiteen på Stortinget for Sogn og Fjordane Ap. Kva heiter ho til førenamn?
  8. Sigrid Moldestad er ei av dei største musikalske stjernene i fylket. Kor kjem ho frå?
  9. Kva heiter laget Sogndal skal møte i første kamp i eliteserien i mars?
  10. Kor mange representantar har SV i fylkestinget? (Skriv svaret med bokstavar).

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!