Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 27. desember

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Kva heiter sjefen ved Opera Nordfjord? Vi vil ha mellomnamnet hennar.
  2. Kven er eldst av brørne Tarjei og Johannes Bø?
  3. Tallause slike stengjer vegane i Sogn og Fjordane i løpet av året. Dei kjem som både jord, snø og stein. Kva snakkar vi om?
  4. Når du tek ferja over Nordfjord frå Stårheim, kva heiter det der ferjekaien ligg på andre sida?
  5. Denne typen bil blir stadig meir populær i Sogn og Fjordane. Ei av forklaringane er dei komande bomstasjonane. Kva type bil er vi ute etter?
  6. Ho er den første politikaren på fylkestinget i Sogn og Fjordane med minoritetsbakgrunn. Kva heiter ho til etternamn?
  7. På berre nokre veker i sommar måtte regionvegsjefen på Vestlandet ta to turar til fylket vårt på grunn av brannar i tunnel. Kva heiter regionvegsjefen til etternamn?
  8. Festivalane Norsk Countrytreff og Førdefestivalen har hatt ein spesiell status. Kva heiter den?
  9. Kva heiter vegen mellom Hornindal og Volda som opna hausten 2012?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!