Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 2. januar

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Marius Sophus Lie blir rekna som ein av dei største norske matematikarane. Kva kommune kjem han frå?
  2. Sogn og Fjordane blir no del av politidistrikt Vest, der Kaare Songstad blir politimeister. Kva heiter den siste politimeisteren i Sogn og Fjordane til etternamn?
  3. Kva heiter landskapsvernområdet som ligg i kommunane Gloppen, Naustdal, Førde og Jølster?
  4. Fylkesrådmannen har fått mykje merksemd dei siste månadane i samband med salet av Fjord1. Veit du kva han heiter til etternamn?
  5. Han er rovdyrpolitisk talsmann for Høgre, og namnet er særs passande til det. Kva heiter han til førenamn?
  6. Det er fleire lokale ølprodusentar i Sogn og Fjordane. Ein av dei har base i Flåm, kva heiter dei?
  7. Det skapte stor frustrasjon då selskapet varsla at dei vil flytte distriktskontoret sitt frå Florø til Bergen. Kva selskap snakkar vi om?
  8. Fjaler fekk Venstre-ordførar i haust. Kva heiter ho til mellomnamn?
  9. Vågsøy kommune skal bruke 120 millionar kroner på eit nybygg som vil kome den oppveksande generasjonen til gode. Kva skal dei byggje?
  10. Kva heiter tunnelen der ei tankbilvogn med 16.500 liter bensin losna, trefte fjellveggen og eksploderte i sommar?
  11. NRK fortalde i haust om ein nordfjordkommune som ikkje har eigen politibil. Kva heiter lensmannen til førenamn?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!