Hopp til innhold

Prøver å stramme opp lastebilsjåførar på vinterføret

To trailerar sklei i grøfta på Vinje dag. Det er dette vegvesenet og fleire etatar vil forhindre når dei har storkontroll av tunge køyretøy.

Kontroll på håbakken

KONTROLL: Denne traileren hadde alt på stell. Sjåføren kunne køyre vidare og vere trygg på vinterføret. Dei neste dagane vil mange tunge køyretøy bli kontrollert av politiet og vegvesenet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Torgeir Bang legg på telefonen. I den andre enden av linja er kollegaen i Vegvesenet i Bergen.

– To trailerar har køyrt ut på Vinje. Vi skal ta dei inn her og sjekke dei godt når dei har blitt redda opp av grøfta, fortel senioringeniøren.

Han jobbar vanlegvis på trafikkstasjonen i Sogndal, men no er det ein spesiell aksjon på planen.

Dei neste dagane skal tunge køyretøy bli tatt inn til kontroll på fem ulike stader i landet.

Politiet, Vegvesenet, Arbeidstilsynet og andre etatar som jobbar med tungtransport har storaksjon for å halde norske vegar trygge på vinterføre.

Målet er at dei skal lære av kvarandre, slik at kontrollane kan vere likast mogleg rundt i landet.

politi, vegvesen arbeidstilsyn

SAMARBEIDER: Politiet, vegvesenet, arbeidstilsynet og fleire etatar samarbeider. Dei skal lære av kvarandre og sikre at kontrollane er like over heile landet.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Dei to første fekk bot

På Håbakken i Lærdal kommune er ein av kontrollpostane. Politiet har promillekontroll, medan vegvesenet tek seg av det tekniske.

– Det er eit godt samarbeid. De kjenner folka, og vi kjenner køyretøya, seier Jon Reidar Vestby til sin kollega.

Til vanleg jobbar han på grenseovergangen ved Svinesund.

– Der har vi som regel tørre vegar. Så dette vinterføret er eg ikkje vant til!

Allereie i løpet av dei første morgontimane skreiv dei ut dei første bøtene. For lite kviletid og overlast gjorde at to sjåførar ikkje fekk lov å køyre vidare. Dei må kvile og betre sikringa si før dei får fortsette.

Desse to blir neppe dei einaste, trur Torgeir Bang.

– Vi forventa nesten at ein del får gebyr for dårlege dekk og manglande kjettingar. Fordi vi skal ha kontroll døgnet rundt dukkar det opp mange ulike bilar og folk, seier Bang.

vegvesenet peikar kvar bilane skal

INN HER: Køyretøya blir hanka inn uansett kva retning dei kjem frå. Spesielt viktig er det å sjekke om dei har gode dekk og kjettingar til snøføret. Torgeir Bang frå Vegvesenet har regien.

Foto: Sigrid Skjerdal

Strengare reglar på grunn av vinterføret

Det er viktig å vere opplagt når du køyrer på norsk vinterføre, både for sjåfør og utstyr. I Noreg har vi strengare reglar enn i mange andre land fordi det kan vere glatt og vanskeleg føre i vintermånadane.

For nokon sjåførar kan det norske vinterføret komme som ei overrasking.

– Mange utanlandske sjåførar er kanskje ikkje heilt budd på føre og vegforholda, spesielt over norske fjell, seier Torgeir Bang.

– Men det er også norske sjåførar som har avvik, det må vi ikkje gløyme. Og det er også veldig mange som er flinke og har alt i orden, avsluttar han.

riktig skodd

RIKTIG SKODD: Politiet og vegvesenet har skodd seg for vinterføret, men har trailerane det?

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK