Hopp til innhold

Prøv deg på helgequizen!

Test deg på nyheiter og litt anna frå Sogn og Fjordane.

1/9 Tidleg møte med hoggormen

Hoggorm
Foto: Britt Førde Ohnstad

Britt Førde Ohnstad skvatt til då ho oppdaga ein hoggorm allereie 12. mars. Kvar såg ho den?

2/9 Innbrotstjuvar raserte restaurant

akvarium
Foto: privat

Akvariumsfiskane var drepne, lokalet var ramponert og kassa mangla 3000 kroner ved restauranten San Marino. Kvar skjedde dette?

3/9 Slik fann han finalistane

Klassekqiuz 2018 Sogn og Fjordane, Wilhelm Støylen
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli

Då dei innleiande rundane av Klassequizen var over, var det fem skular som kjempa om fire finaleplassar. Kva hadde Wilhelm Støylen i ein sekk som elevane måtte gjette talet på?

4/9 Trur folk hugsar dårlegare

Oddbjørn By.
Foto: Kaja Marie Andreassen. / NRK

Hukommelsesmesteren frå Førde meiner den digitale utviklingen kan ha ei negativ påverknad på hukommelsen vår. Kva heiter han?

5/9 Fekk godkjent app

Vebjørn Viem Elvekrok og Eskil Gjerde Sviggum
Foto: Ingvild Bakken

14-åringane Vebjørn Viem Elvekrok frå Jostedalen og Eskil Gjerde Sviggum frå Sogndal fekk eigen app godkjend på første forsøk. Kva slags app er dette?

6/9 Samrøystes vedteke

Ida Søgnen
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ida Søgnen som er leiar i Førde AUF fronta eit forslag under fylkesårsmøtet til Arbeidarpartiet. Dette blei samrøystes vedteke. Kva gjekk forslaget ut på?

7/9 5. plass i Paralympics

Jan Roger Klakegg
Foto: Kent Nyholt

Jan Roger Klakegg og det norske kjelkehockey-landslaget kom på femteplass i Paralympics i sør-koreanske Pyeongchang. Kvar kjem Klakegg frå?

8/9 Vakre fjell i fylket

Kvar er dette
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vi bur i eit fantastisk fjellfylke. Kva heiter dette?

9/9 Ungt talent

Oselie Henden, MGP-junior vinnar
Foto: Harald Kolseth / NRK

Oselie Henden frå Nordfjordeid er nominert som årets stjerneskot i Nickelodeon Kids' Choice Awards. Før jul vann ho finalen i MGPjr. Kva heiter songen hennar?