Hopp til innhold

Professor meiner små kommunar slit med skuledrifta

– Det er stor risiko for at små kommunar vil slite med kvaliteten på skuledrifta, meiner skuleforskar og professor Thomas Nordahl.

Skoleforsker Thomas Nordahl

SÅRBAR SKULEDRIFT: Professor i pedagogikk Thomas Nordahl seier skuledrift er kompetansekrevjande og komplekst og at små kommunar slit med å halde oppe kvaliteten. Elevane blir taparane dersom skuledrifta ikkje er god nok, seier han.

Foto: Tormod Strand / NRK

Debatten om den nye kommunestrukturen er inne i ein intens fase og i kva grad denne påverkar kvaliteten på skulen, er eit sentralt tema. Thomas Nordahl som er professor i pedagogikk ved Høgskulen på Hamar, kjem med klar tale.

– Skuledrift er kompetansekrevjande og komplekst. Dersom skuleeigaren blir for liten, vil ein lett mangle kompetanse til å drive skular på ein god måte over tid, seier han.

Dersom skuleeigaren blir for liten vil ein over tid lett mangle kompetanse til å drifte skular på ein god måte.

Professor Thomas Nordahl

Små kommunar gjer skuledrifta sårbar, meiner Nordahl.

– Det å drive med til dømes etter- og vidareutdanning og skuleutvikling krev kompetanse. I ein liten kommune kan det bli for lite av dette, seier han.

Fryktar negative konsekvensar for skulen

Skulestruktur og kvalitet på skuledrifta er eit heitt tema. Dette er også noko rektor Gerd Sunde Førde ved Skei skule i Jølster engasjerer seg i. Ho fryktar negative konsekvensar for skulen dersom Jølster blir innlemma i ein storkommune.

– Vi har i dag ein god skule i Jølster og på Skei. På Skei har vi hatt gode resultat i mange år. Kvifor skal vi endre på ein suksess, spør Sunde Førde.

Gerd Sunde Førde

SKEPTISK TIL STORKOMMUNE: Rektor ved Skei Skule i Jølster, Gerd Sunde Førde, fryktar for framtida til skulen dersom Jølster skulle bli innlemma i ein storkommune i Sunnfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

Ho fryktar ungdomsskulen på Skei står i fare ved ei kommunesamanslåing.

– Eg fryktar ikkje for barneskulen, men vi har nyleg vore igjennom ein skuledebatt der det var snakk om å flytte ungdomsskulen på Skei til Vassenden. Den debatten kan kome opp igjen dersom ein skal sjå på det økonomiske i det, seier ho.

Ekspertane er usamde

I motsetnad til professor Thomas Nordahl, meiner professorkollega og skuleforskar Peder Haug ved Høgskulen i Volda at kommunestrukturen ikkje påverkar kvaliteten på skuledrifta.

Peder Haug

STORLEIK BETYR LITE: Professor i pedagogikk Peder Haug ved Høgskulen i Volda meiner kommunestorleik ikkje har betydning for kvaliteten på skuledrifta.

Foto: Høgskulen i Volda

– Vi veit at Oslo, som er den største kommunen i landet, har dei beste skulane. Vi veit også at Sogn og Fjordane, som har dei minste kommunane, har dei beste skulane. Dette viser at både stort og smått går bra, seier han.

Kva er viktig for skulekvaliteten?

– Kvalitet er bestemt av korleis kommunepolitikarane prioriterer skule, kvaliteten på lærarane og korleis lokalmiljøet sluttar opp om skulen.

Når det gjeld skuledrift går det bra både med store og små kommunar.

Professor Peder Haug

Skule-usemje i Jølster

Medan rektoren ved Skei skule på austsida av Jølstravatnet fryktar ei kommunesamanslåing, trur Marit Hoff som er mangeårig lærar ved Vassenden skule på vestsida av Jølstravatnet, at kommunesamanslåing vil slå positivt ut.

– Ein større kommune kan lettare samordne behova og det er lettare å få kvalifiserte søkjarar til stillingar. Vi treng folk med kompetanse og ein liten kommune som Jølster stiller ikkje fremst i køen.

Meiner du ei kommunesamanslåing berre er positivt for skulen på Vassenden?

– Eg ser ikkje mange ulemper i alle fall.

Marit Hoff

VIL HA STORKOMMUNE: Mangeårig lærar ved Vassenden skule i Jølster, Marit Hoff, ser berre fordelar for Vassenden skule dersom Jølster blir innlemma i ein storkommune i Sunnfjord.

Foto: Bård Siem / NRK

Meiner 3000 er for få

Nordahl meiner at ein kommune med 3000 innbyggjarar, om lag så stor som Jølster, er for liten til å få ei optimal skuledrift.

– Dette er ein storleik som over tid blir litt svak når ein skal drifte skular godt. Elevane blir taparane dersom skuledrifta ikkje er god nok.