Kommunesamanslåing engasjerer

JØLSTER (NRK): Over 200 møtte opp på folkemøte på Ålhus, strategisk plassert mellom dei kivande tettstadane Vassenden og Skei. Her kan du sjå heile møtet.

Folkemøte om kommunesamanslåing i Jølster

Møtet opna med at rådmann Børge Tvedt orienterte om intensjonsavtalene kommunen har inngått og resultata frå den omfattande innbyggjarundersøkinga.

Den synte at det er signifikant fleire i Jølster som er positive til kommunereforma, enn negative. Dessutan har Jølster flest i heile Sunnfjord som er svært positive til reforma, 25 prosent.

Klare frontar blant politikarane

Deretter var det duka for paneldebatt med dei leiande kommunepolitikarane på podiet føre publikum.

Det avteikna seg tidleg at Judith Kapstad (V) og Anders Kristian Sægrov (H) var positive til både kommunesamanslåing og til resultata frå undersøkinga. Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) og varaordførar Jakob Andre Sandal (SV) var framleis svært kritiske til reforma.

Etter debatten fekk eit engasjert og interessert publikum høve til å stille mange spørsmål.

Uroa for låg deltaking ved folkerøysting

Det er vedteke at Jølster skal ha folkerøysting om samanslåing. Det skal skje i februar.

Kapstad problematiserte at det har vore låg valdeltaking i dei mest folkerike kretsane. Klakegg sa at ei folkerøysting skal følgjast uansett.

– Eit fleirtal er eit fleirtal, sa ordføraren på direkte spørsmål om 50,1 prosent for eller mot vil vere godt nok.

Men også han var uroa for ei eventuelt låg deltaking.

– Det vil gje grobotn for tvil og omkamp i årevis, sa han.