Hopp til innhold

Privatskule må betale tilbake

Montessori-skulen i Vågsøy må betale tilbake over 200.000 kroner til Staten.

Grunnen er at Utdanningsdirektoratet hadde rekna feil over kor mykje statsstøtte skulen skulle få i juli.

 

Montessori-skulen seier at dette ikkje vil skape økonomiske vanskar for dei.

Frist ut månaden

Staten betalte ut over 300.000 kroner til skulen, medan skulen berre hadde rett til vel 100.000 kroner. No har skulen frist ut månaden å betale tilbake.