Hopp til innhold

Post berre annankvar dag – avisredaktørar kjenner seg overkøyrde

LEIKANGER (NRK): I april legg regjeringa legger fram den nye postlova. Då er planen at posten skal levere ut to til tre dagar i veka. Det får det til å koke blant lokalavisredaktørane.

Jan Inge Fardal

FRYKTAR POSTKUTT: Jan Inge Fardal er redaktør i Sogn Avis.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Det digitale skiftet tar med seg debatten om kor ofte Posten skal køyre ut post til der folk bur.

I Leikanger i Sogn og Fjordane meiner redaktøren i Sogn Avis at dei no blir overkøyrde.

– Eg meiner det er heilt feil at det er Stortinget og regjering som skal bestemme når lokalavisene skal kome ut. Det må vi få lov til å bestemme sjølve, seier Jan Inge Fardal som er redaktør i Sogn Avis, og leiar for Vestafjelske Redaktørforening.

Katastrofalt

I forslaget til postlov som vart sendt ut på høyring i fjor, er det foreslege postombering to dagar i ei veke og tre dagar den andre. I Landslaget for lokalaviser, som organiserer 112 lokalaviser, meiner generalsekretær Rune Hetland at det i så fall vi vere ei katastrofe for lokalavisene

Rune Hetland

KRITISK: Rune Hetland meiner lokalavisa må kompenserast.

Foto: Landslaget for lokalaviser

– Blir det slik er Posten ut som avisdistributør. Det er ingen aviser som kan leve med å komme ut på ulike dagar frå veke til veke, seier Hetland.

Han seier dette er noko dei har teke opp med regjeringa etter at høyringsforslaget vart sendt ut, og at dei set si lit til at dei vert høyrde.

– Vi er nervøse, men vi har håp om at det skal kome tiltak som skal hindre at dette går ut over lokalavisene. Vi håpar no at dei enten utset dette, eller at lokalavisene blir kompensert ved at det blir eit alternativ til posten som går rundt med aviser, seier Hetland.

Vil spare ein halv milliard

– I dag blir det utlevert under 40 % av dei postmengdene som ein hadde på 2000-talet. Posten sjølv ynskjer difor at ein gjer endringar då det ikkje lønner seg å halde på slik som dei gjer i dag.

Morten Stordalen

TOMME POSTBILAR: Morten Stordalen (Frp) seier det ikkje er noko poeng å køyre tomme postbilar rundt om i landet, og at denne endringa er noko Posten som selskap ynskjer sjølve.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Det sa Morten Stordalen (Frp) i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget tidlegare i dag under politisk kvarter i NRK.

Stordalen seier at dersom ein held fram med å levere ut post slik som i dag fram mot 2025, vil det koste ein milliard å køyre ut posten. Det vil ikkje vere ein lønnsam måte i drive selskapet Posten på.

– Det er mange som hentar post i butikk og digitaliseringa blir sterkare. Det er ingen grunnar til å køyre tomme postbilar i Noreg, seier Stordalen.

Det er parlamentarisk leiar i Senterpartiet, Marit Arnstad, sterkt usamd i. Ho svarar med at dagens regjering har eit merkeleg forhold til samfunnsstruktur og grunnleggande tenester i samfunnet.

Marit Arnstad

MANGLAR DEKNING: Marit Arnstad meiner dagens regjering taklar overgangen til det digitale dårleg, og seier det ikkje er lett å lese lokalavisa på nettbrett dersom ein ikkje har internett.

Foto: Siv Sandvik / NRK

–Det gir ikkje meining å seie at folk skal bli digitale når du verken skal få post eller har digital tilgang. Denne overgangsfasen meiner eg regjeringa taklar svært dårleg.

Ho siktar til at fleire bygder i Noreg kan miste internett når Telenor ikkje vil vedlikehalde fleire gamle koparliner som fører internett ut bygdene medan dei går over til fiber og mobil.