Hopp til innhold

Politiet: Tok seg inn i huset til eldre mann med makt – stakk han i ryggen med kniv

Kvinna hevdar ho blei trua med mopp og handla i naudverje. Ho er sikta for drapsforsøk.

Kvinna i 30-åra skal ha brukt makt for å ta seg inn i huset til mannen i 80-åra som ho har eit familieforhold til.

I avhøyr har ho erkjent at ho stakk mannen med kniv, men at ho handla i sjølvforsvar og at den eldre mannen truga ho med ein mopp.

Kvinna i 30-åra og den eldre mannen har forklart seg ulikt om hendinga, ifølgje rettsboka frå Sogn og Fjordane tingrett.

Fryktar gjentaking

Politiet ville ha fire veker varetektsfengsling på grunn av fare for gjentaking, og påtalemakta legg til grunn at kvinna hogde med kniven mot fornærma frå utsida av huset.

Faren for gjentaking vart avvist av Sogn og Fjordane tingrett torsdag ettermiddag og påtalemakta har anka avgjerda frå Sogn og Fjordane tingrett til Gulating lagmannsrett.

Hendinga skjedde på ei øy utanfor Florø tysdag ettermiddag. Sikta og fornærma har eit familieforhold.

Den eldre mannen fekk eit ti centimeter djupt sår i ryggen og måtte ha to posar med blod grunna stort blodtap då han kom til sjukehuset.

– Om fornærma ikkje hadde blitt tatt med til sjukehuset raskt så hadde skadane vore livstruande, grunna blodmangel, sa Synnøve Domben som er fungerande stasjonssjef på politistasjonen Florø i går.

Av omsyn til dei involverte partane har politiet delt få opplysningar om saka. Kvinna sin advokat, Jacob Nødseth, ønsker ikkje å diskutera detaljane om det som skal ha skjedd ifølgje rettsboka.