Hopp til innhold

Blir vurdert varetektsfengsla etter valdsepisode

Politiet vurderer å framstille ein person for varetektsfengsling etter at vedkommande gjekk laus på eit familiemedlem på ei av øyene utanfor Florø.

Valdsepisode

Like før klokka 16 tysdag fekk politiet melding om at ein person var alvorleg skadd etter ein valdsepisode i ein heim i Flora kommune. Den skadde vart frakta til sjukehuset i Førde, medan gjerningspersonen vart pågripen.

Politiet var i går tilbakehaldne med informasjon om hendinga, men kjem onsdag føremiddag med fleire detaljar.

Offer og gjerningsperson i familie

Politiinspektør Odd Arve Solvåg opplyser at den skadde og gjerningspersonen er i familie med kvarandre. Politiet vil per no ikkje seie noko om kva relasjon det er mellom dei to, eller kva kjønn og alder den skadde og gjerningspersonen har.

– Dette ut av omsyn til dei involverte, familie og den vidare etterforskinga, heiter det i pressemeldinga.

Solvåg seier til NRK at politiet føler dei har god kontroll over situasjonen.

– Vi jobbar no for å klargjere eksakt kva som har skjedd og bakgrunnen for at det har skjedd.

Væpna seg før arrestasjonen

Då politiet fekk melding om hendinga rykte dei ut saman med ambulanse og luftambulanse.

NRK veit at store politistyrkar væpna seg med skjold og maskinpistolar, og brukte ein av rutebåtane frå Øyservice til å ta seg ut til åstaden. Fleire bilar måtte forlate rutebåten for å gje plass til politi og ambulanse.

Solvåg stadfestar onsdag at politiet væpna seg under aksjonen.

Kan bli varetektsfengsla

Gjeringspersonen skal ha gått laus på den skadde med ein gjenstand, utan at politiet vil utdjupe dette nærare. Personen som vart skadd fekk så alvorlege skader at vedkommande måtte opererast.

Gjerningspersonen vart arrestert på staden og sit framleis i arrest ved politihuset i Florø. Politiet opplyser at dei vurderer å framstille vedkommande for varetektsfengsling i løpet av dagen eller morgondagen.

Kriminalteknikarar driv onsdag med åstadsundersøkingar i heimen der valdsepisoden skjedde.

I løpet av dagen vil politiet også avhøyre den skadde personen, sikta og andre som kan ha opplysningar i saka for å finne ut meir om valdsepisoden.