Politiet: Kvinna var verge – svindla bror sin for 600.000

Ei kvinne i 60-åra må onsdag møte i retten, tiltalt for å ha underslått nær 600.000 kroner frå bror sin, som ho var verge for.

Sogn tingrett

MÅ MØTE HER: Onsdag skal kvinna forklare seg i Sogn og Fjordane tingrett sine lokale i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kvinna frå Sogn var i fleire år verge for den eldre broren, som politiet meiner at ho grovt utnytta tilliten ho hadde fått.

Frå 1. januar 2010 til 15. november 2016 gjorde ho uttak, overføringar og varekjøp frå broren sine kontoar med til saman 598.300 kroner, heiter det i tiltalen.

Pengane skal ho ha brukt som sine eigne, meiner påtalemakta.

Skal forklare seg

Det er sett av to dagar til rettssaka og det skal førast fleire vitne. Blant vitna er andre nære familiemedlemer.

Forsvarar for kvinna er Per Kjetil Stautland er forsvarar for kvinna. Han vil ikkje kommentere detaljar i tiltalen.

– Ho vil forklare seg for retten onsdag, så får vi sjå, seier Stautland til NRK tysdag kveld.

– Tillitsbrot

Aktor i saka, politiadvokat Ronny Iden, slår fast at det er ei alvorleg sak på fleire måtar. Både fordi det er ein stor sum pengar, og fordi kvinna var verge.

– Dette er eit alvorleg brot på den tilliten som vergemål byggjer på, seier Iden til NRK.

Etter den nye vergemålslova er det fylkesmannen som peikar ut ein nøytral person som verge.