Hopp til innhold

Plast er i ferd med å øydeleggje surfeidyllen

Dei rå naturkreftene lokkar surfarar frå heile verda til Hoddevika i Selje. Naturen kan verke vill og urørt, men for kvar einaste bølgje blir søppel skylt inn på stranda.

Surfarar plukkar no opp søppel på strendene i Norge for å vise folk kor mykje vi forureinar hava våre.

IDYLLEN ER TRUGA: Surfarar ryddar stranda Hoddevika i Sogn og Fjordane for plast. Hit kjem dei langvegsfrå for å surfe i urørd natur. (VIDEO: Sindre Sunde Tveit)

No har problemet blitt så stort at surfarane mobiliserer for å få rydda strendene i Noreg for plast og anna søppel.

– På denne stranda her finn me kanskje mellom 300 og 800 kilo. Og dette er kanskje den snillaste stranda, seier Simen Knudsen, leiar i Surfrider Foundation Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Surfarar ryddar plast i Hoddevika

STORE MENGDER: Ryddegjengen reknar med å finne mellom 300 og 800 kilo plast i Hoddevika.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Verdsomspennande problem

Fenomenet er langt frå særskilt for Noreg.

FN har anslått at det er om lag 100 million tonn søppel i hava. Mesteparten av det er plast, som blir broten ned i små bitar, men som aldri vil forsvinne.

– Det skumlaste er det me ikkje ser, seier Knudsen.

Han seier at det regelmessig flyt inn døde fuglar på stranda. Det er antatt at søppel tek livet av ein million sjøfugl kvart år.

Vil skape merksemd om problemet

All plasten dei har funne blir samla i siloen til Anne-Kari Lefdal, som bur i Hoddevik. Ho håpar dei kan utgjere ein forskjell, men er pessimist med tanke på utfordringa dei står ovanfor.

Anne-Kari Lerfdal

UROA: Anne-Kari Lefdal, som bur i Hoddevik, trur problemet har blitt så stort, at vi aldri heilt blir kvitt det.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Tenk å få eit hav utan søppel. Det er kanskje ikkje mogleg, men det går an å få mindre av det, seier ho.

Simen Knudsen håpar at aksjonen skal føre til at problemet skal få merksemd, også nasjonalt.

– Me har lyst til å få det høgare opp på agendaen, for det er eit veldig stort problem. Og det verkar ikkje som me her Noreg heilt har skjønt det, før no, seier Knudsen.