- Eg vil ha den som eit talerøyr, som verkeleg ivaretek våre interesser. Det eg tykkjer er at når desse her politikarane kjem inn på tinget så får dei rollar der fokuset på distriktet tapar seg etter kvart, seier Nore til NRK Sogn og Fjordane.
Vil ha skipstunnel og sjukehus
- Det er ikkje politikarar frå Sogn og Sunnfjord som kjem til å redde Nordfjord sjukehus, seier Nore til Fjordenes Tidende måndag. Overfor NRK reknar han også opp fleire døme på det han meiner viser at politikarane frå fylket ikkje gjer nok for distrikta dei er valde inn for:
- Eg tykkjer det har gått kolossalt tregt med Stad-tunnelen, og eg tykkjer også at sjukehuset i Nordfjord er litt ute og køyrer.
Kan ta stemmer
- Men du fryktar ikkje at dette fører til at Nordfjord misser innflytelse ved at ein tek stemmer frå dei andre politiske partia?
- Det kan ein nok gjere ja, men viss du ser på listene er det vel ikkje så veldig mange nordfjordingar som står på ein slik plass at dei kan kome på tinget slik eg ser det, svarar Nore.
Men skal initiativtakar Nore og dei han får med seg klare å stable ei liste på beina til valet har dei det travelt. For at lista kan godkjennast trengst det underskrifter frå 500 røysteføre personar. Utan å ville nemne namn seier Nore at han alt no har vore i kontakt med personar som han meiner ville eigne seg på ei slik liste:
Skarpare skyts
- Det er for tidleg å gå ut no, for dei må også få tid å tenkje seg om. Det kom litt brått på for dei, seier Bjarne Kjell Nore.
- Det er greitt nok med alle desse aksjonane, men på eitt eller anna tidspunkt er desse aksjonane, slik som fakkeltoga, oppbrukt. Då må ein til med anna skyts.
Dårleg ide
Ei eiga liste for Nordfjord til stortingsvalet neste år er ein dårleg ide. Det seier stortingsrepresentant for KrF og nordfjording Per Steinar Osmundnes. Bjarne Kjell Nore meiner at politikarane gløymer kvar dei kjem frå når dei er komne inn på Stortinget.
Det tilbakeviser Per Steinar Osmundnes. Han meiner det viktigaste er at dei fem stortingsrepresentantane frå fylket kjempar i lag, og ikkje setter seg opp mot kvarandre.