Stortingspartia
I dag er Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, SV, Venstre og Kystpartiet representerte på Stortinget og alle desse stiller liste her i fylket. Dei stiller også med lokale kandidatar.
Miljøpartiet
Miljøpartiet dei grønne har 18 år gamle Geir Indrefjord Høllesli frå Oslo på topp. Dei prøvde også å stille liste for fire år sidan, men fekk den ikkje godkjend.
Demokratane
Demokratane stiller med Bjarne Betten frå Elverum på førsteplass. Ved valet for fire år sidan toppa han lista til Fedrelandspartiet her i fylket. Dette partiet stiller ikkje liste i år. Demokratane er stifta av utbrytarar/ekskluderte frå Frp med Vidar Kleppe og Jan Simonsen som sentrale. På SFj-lista finn vi ma. Oddrun Marie Dyrdal (ex. Frp og Kystpartiet) Alf Kollseter og Magne Dvergsdal, begge med fortid i Frp.
Kristent Samlingsparti
Kristent Samlingsparti har hatt liste i fylket tidlegare, og stiller med Morten Selven frå Trondheim på førsteplass. Deretter kjem den avsette abort-presten Per Kørner, og på tredje pastor Mindor Tonheim frå Eikefjord.
Fylkesvalstyret avgjer om alle 12 listene blir godkjende.
Her finn du listene med toppkandidatane: Dei 12 listene