Hopp til innhold

Personbilar kolliderte med buss

Fire personar er sende til legevakta etter ein kjedekollisjon mellom to personbilar og ein buss på E39 ved Klakegg i Jølster torsdag ettermiddag.

Trafikkulukke Klakegg E39

LANGE KØAR: E39 var i ettermiddag stengd i begge retningar etter ei ulukke nord for Skei.

Foto: NRK-tipsar

– Ein lege som tilfeldigvis var i området har sett til dei involverte og det er ikkje noko som tyder på alvorleg personskade, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes ved Vest politidistrikt til NRK.

Bilbergar er no på veg for å hente dei to personbilane.

E39 var stengd ein kort periode og det oppstod lange køar på begge sider av ulukkesstaden.